Utskrift av kart og fra grunnboka

I søknader om deling av eigedom skal kart med eksisterande og ønska grense leggjast ved, medan byggesøknader skal innehalde situasjonsplan med tiltaket.

Kartutskrift

I kommunens kartportal kan du sjølv lage kartutskrifter som f.eks. situasjonskart og plankart. 
brukarrettleiinga kan du sjå korleis en gjer dette.

Digitale kartutskrifter i pdf-format kan også bestillast via leverandørane
Ambita, Norkart eller Proconet
Hos desse leverandørane finn du situasjonskart, matrikkelkart, plankart og ledningskart.

Eventuelle spørsmål rundt bestilling, kjøp og leveranse må stillast til leverandørane.

Sjå pris for eigedomsinformasjon

Grunnboksutskrift

Ei grunnbokutskrift inneheld informasjon om eigar, pengehefte og servituttar (rettar som andre har) på ein eigedom.

Privatpersonar

Privatpersonar kan sjølv hente ut grunnboksutskrift og sjekke kva som er tinglyst på ein eigedom. Dette gjer ein ved å logge seg på kommunen sin kartportal  ved bruk av Elektronisk ID
brukarrettleiinga kan du sjå korleis en gjer dette.

Alternativt kan ein logge på Statens kartverk si løysing Se eiendom

Privatpersonar kan eventuelt òg kjøpa grunnboksutskrift frå leverandørane som kommunen bruker. Sjå informasjon under firma nedanfor.

Firma

Firma må bestille grunnboksutskrift.  Bruk sjekk kva som er tinglyst (Statens kartverk) eller ein av leverandørane Ambita, Norkart eller Proconet.

Eventuelle spørsmål rundt bestilling, kjøp og leveranse må stillast til leverandørane eller Statens Kartverk.

Ansvarleg for tenesta