Kven kan søke?
Eigedommens heimelshavar eller den som er gitt slik fullmakt. Fullmakt må då leggast ved søknaden. I dei tilfella der det er eit firma som er eigar, kan personar med signaturrett i henhald til firmaattest rekvirere søknad om frådeling av anleggseigedom.
Kva skal søknaden innehalde?
Saksgang
Før søknad blir sendt til kommunen, må tiltaket nabovarslast (naboliste). Eventuelle merknader skal vere mottatt av ansvarleg søkar/tiltakshaver innan 2 veker etter at nabovarselet er sendt partar som dette vedkjem. Ansvarleg søkar/tiltakshaver skal saman med søknad sende innkomne merknader og gjere greie for eventuelle endringar. Sjå også dibk.no
Når søknaden er registrert i kommunen, blir det gjennomført ein enkel kontroll av dokumenta. Er det manglar i søknaden, orienterer vi om dette. Er det behov for behandling/uttalar frå andre offentlege instansar, sørger kommunen for innhenting av desse.
Vedtak etter plan- og bygningslova
Vedtaket blir fatta med heimel i plan- og bygningslova. Vedtaket blir sendt til søkar med kopi til eventuelle partar som har hatt merknader til søknaden. Saksbehandlingstid for delingssaker er inntil 12 veker frå søknaden er komplett.
Blir det søkt om frådeling av ein landbrukseigedom, må søknaden også bli behandla av landbruksstyresmaktene i samsvar med Jordlova § 12, dette blir gjort etter at bygningsstyresmaktene har fatta vedtak.
Skjema
Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett
Nabovarsel
Opplysningar gitt i nabovarsel
Kvittering for nabovarsel
Lover
Plan- og bygningslova
Matrikkellova