Veg- og gatenamn

Veg- og gatenamn

I Ålesund kommune har dei fleste vegane namn, men i samband med utbygging vil det vere behov for nye vegnamn. Dette er er nødvendig i samband med adressering av bustadar, hytter, næringsbygg o.l.

Sakshandsaminga

Det er dei einskilde kommunedelsutvala som fremmar forslag til nye vegnamn. Formannskapet vedtek namna etter at Språkrådet si namnetjeneste har uttalt seg med omsyn til skrivemåte. Formannskapet sitt vedtak (val av namn) er endeleg og kan difor ikkje påklagast. Skrivemåten kan alikevel påklagast av den som har rett til dette.
Sjå §12 og §6 i Språklova og Språkrådets nettsider.

Registrering

Etter at vedtak er gjort av kommunen vert vegnamna (adressenamna) ført i matrikkelen.
Eigedomar knytt til dei einskilde vegane kan då tildelast ei vegadresse (vegnamn og husnummer). Sjå meir om adressering.

Innspel på val av vegnamn

I samband med kommunens handsaminga av vegnamnsakene kan innbyggarar kome med innspel/forslag på vegnamn. Dei gode innspela vil verte nytta i den politiske handsaminga av vegnamnsakene. Kommunen har laga ein digital kartdialog der innbyggajarane kan kome med sine innspel.

Vegnamn i Ålesund kommune

Liste over alle vegnamn i Ålesund kommune (PDF, 304 kB).

Viktige lenker

Brosjyre om stadnamn hos Språkrådet

Om stadnamn hos kartverket

Adresseveileder hos Kartverket

Lov om stadnamn

Til toppen