Ålesund kommune tilbyr utlån og utleige av lokale, idrettsanlegg, uteområde, utstyr og køyretøy til aktivitetar, arrangement og møteverksemd. Nedanfor finn du oversikt over dei ulike tilboda.
Leige lokaler og møterom
Treng du lokale til møte, aktivitetar eller arrangement? Ålesund kommune tilbyr mellom anna utleige av skulelokale, gymnastikksalar, møte- og konferanserom og lokale ved nokre av frivilligsentralane.
Leige idrettshallar og baner
For tildeling av fast treningstid og arrangement må ein søke innan ein årleg søknadsfrist. Sjå oversikt over alle haller og baner for informasjon om korleis leige dei.
Søk om å leige kommunale idrettshaller og baner i Aktiv kommune
Leige kommunale uteområde
Uavhengig av kva storleik eller type arrangement du planlegg, krevst det eit løyve frå grunneigar for å få gjennomført aktiviteten.
Leige torg, fortau og gater
Torg, fortau og gater kan brukast til arrangement eller salgsbod, til dømes.
Sjå korleis du kan leige kommunale uteområde
Leige uteområde ved kommunale bygg
For bruk av uteområde ved kommunale bygg må du ta kontakt med den aktuelle eininga. Ved skular er det rektor som behandlar førespurnader.
Sjå oversikt over einingsleiarar.
Leige kommunale parkeringsplassar
Dersom du ønsker å leige kommunale parkeringsplassar til eit arrangement i Ålesund, bør du kontakte Ålesund parkering AS, som forvaltar dei offentlege parkeringsplassane på vegne av kommunen.
Leige parker, badeplassar, leikeplassar og friområde
Ålesund kommune forvaltar ei rekkje parkar, badeplassar, leikeplassar og friområde. Desse områda er presenterte på eiga side.
Dersom du ønskjer å arrangere organisert aktivitet eller arrangement i eit slikt område, kan det vere nødvendig med løyve frå grunneigar.
Sjå oversikt over parkar, badeplassar, leikeplassar og friområde
Bildeling
Bildelingsordninga er eit prøveprosjekt der kommunen leiger el-bilar som kan brukast av både tilsette og innbyggarar. Kommunen har kjøpt seg tilgang til bildelebilar mellom 07.30-16.30 på kvardagar. Utanfor desse tidspunkta er det fritt fram for kven det skulle vere å leige desse bilane.
Leig bil her
Fritidsutstyr til utlån
Du kan låne utstyr gratis eller som medlem av ulike organisasjonar.