Psykiske helseteam for vaksne

Dei som har, eller står i fare for å få ei psykisk liding, kan få hjelp til å mestre eige liv.

Fagpersonar er tilgjengelege på dagtid i Ålesund, på Skodje og Sjøholt.

Kva tilbyr vi?

  • Kontorbasert mellom kl. 08.00 til 16.00
  • Individuelle og endringsfokuserte samtalar
  • Samhandling med andre aktuelle instansar og koordinering av Individuell Plan
  • Nettverksarbeid/samarbeid med pårørande og andre nære.
  • I samhandling med deg, finne målsetting for tenesta og kva som er viktig for deg
  • Oppfølging av livskriser/krisesituasjonar (inntil 4-6 behandlings timer)
  • Psykoedukasjon; lære deg korleis ei psykisk liding eller ei krise kan verke inn på oss menneske
  • Bistå deg med struktur og planlegging i kvardagen

Korleis får eg tenesta?

Kontakt kan skje enten frå fastlege eller frå spesialisthelsetenesta. Du kan sjølv ta personleg kontakt med Koordinering og tildeling.

Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester

Klage på vedtak eller teneste

Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.

Ansvarleg for tenesta