Kve er barn som pårørande?
Barn er pårørande når ein forelder, eit søsken eller ein annan nær person blir sjuk, skadd eller døyr. Barn kan også vere pårørande når nokon i familien har rusproblem, nedsett funksjonsevne eller sit i fengsel.
Barn treng informasjon og støtte
Når noko vanskeleg skjer i familien, blir også barn påverka. Barn har behov for informasjon, tryggleik og vaksne som lyttar til dei. Å snakke openhjartig om situasjonen kan hjelpe barnet til å forstå det som skjer og kjenne seg tryggare.
Tilbod til barn og unge som pårørande
Treffpunkt Ålesund er ei møtegruppe for barn og unge mellom 6 og 16 år som opplever alvorleg sjukdom i familien eller har mista ein nærståande. Tilbodet er i samarbeid med Kreftforeningen.
Treng du råd eller rettleiing?
Dersom du har spørsmål om barn som pårørande, kan du kontakte:
For fleire hjelpetilbod, sjå sida Hjelpetilbod for pårørande.