Dei fleste blir pårørande i livet. Nokre treng støtte, samtalar og hjelp til å finne fram i tilbod og tenester, eller sortere tankar og følelsar.
Kva gjer ein pårørandekoordinator?
Pårørandekoordinator bidreg til å utvikle og styrke kommuna sin pårørandeomsorg gjennom:
- Identifisering og kartlegging av pårørande sine behov
- Informasjonsarbeid rundt pårørande sine behov, internt og eksternt
- Oversikt over tilbod og tenester retta mot pårørande
- Representasjon av kommuna i ulike fora
- Bidreg i utviklingsarbeid retta mot pårørande
- Undervisning, rettleiing og kompetanseheving til tilsette i kommuna
- Barn som pårørande
- Kurs, grupper
- Meistringskurs for etterlatne
Korleis kan pårørandekoordinatoren hjelpe?
Pårørandekoordinator er ein ressurs for kommuna sine tilsette, pårørandeorganisasjonar, frivillige og andre samarbeidspartar.
Kontakt
Sist endra 10.01.2025 09.41