Dagtilbod til heimebuande personar med demensDagtilbodet skal leggje til rette for ein god dag, framme helse og sosialt samvær for heimebuande personar med demens. Kort fortaltDagsenter er et tilbod til deg som har demens og bur heimePå dagsenteret kan du ta del i aktivitetar og få eit sosialt fellesskapDagsentra har ulik opningstid, sjå kvart enkelt senterDu kan søkje om plass ved å kontakte tildelingskontoret eller heimetenesta der du burFysisk aktivitet og trening kan påverke både mental og fysisk helse, i tillegg til å vere sosialt. Tilrettelagte aktivitetar bidreg til gode stimuli som gir meistringskjensle og livskvalitet. Vi ønskjer å leggje til rette for:Sosialt samværFysisk aktivitetGode opplevingarIndividuelt tilrettelagte arbeidsoppgåverTilbod Borgundgavlen ved Sunnmøre museumDagaktivitetane på Sunnmøre museum er interkommunale. Nabokommunane har høve til å kjøpe plassar.Ytterlandstova er base for eit aktivitetstilbod for personar med demens i tidleg fase, og er eit samarbeid mellom Ålesund kommune og Sunnmøre museum. Aktivitetane skjer for det meste utandørs. Dei varierar etter årstidene, og blir individuelt tilrettelagt.Vedlikehaldsarbeid inne og ute på Sunnmøre museum sitt områdeMåling, klipping av greiner, raking, rydding og skogsarbeidFysisk aktivitet (trim/turgruppe)Kulturelle aktivitetarFelles lunsj i YtterlandstovaKontakt oss på telefonnummer: 90175377TurgrupperTurgruppe kvar måndag i indre og ytre bydel for eldre som treng støtte til fysisk aktivitet. Turane blir avslutta med sosialt fellesskap og eit hyggeleg måltid. Telefon: 94530791. Sanitetshjemmet dagsenterOpningstidene er måndag - fredag frå kl. 08.00 - 15.30. Deltakarar ved senteret blir henta i heimen om lag klokka 09.15- 10.00, og køyrd heim omlag klokka 15.00Dette skjer på senteret:FrukostBallongtrim, trappetrening, turgåing i nærmiljøetSosialt samværHjernetrimKulturelle arrangementMiddagByturgruppe tirsdagKontakt oss på telefonnummer: 40 80 58 83Det er frisør og fotterapeut i Sanitetsblokka i bygget ved siden av:Frisør Benthe Gjerde, tlf. 91790890Fotterapeut May Britt Hansen, tlf. 40477791Hatlahaugen dagsenterOpningstidene er måndag - fredag frå klokka 08.00 - 15.45 Deltakarar ved senteret blir henta i heimen omlag klokka 09.15- 10.00 og køyrt heim omlag kl.15.00Dette skjer på senteret:FrukostAvislesingBrettspelAktivitetsspel på Wii og TovertafelSong og musikkHandarbeidMotiview trimsykkelTrimTurgåing i nærmiljøetKulturelle arrangementMiddagKontakt oss på telefonnummer: 40 91 60 27 / 40 91 60 26Avdelingsleiar: 90 17 53 77Kveldstilbod på Hatlahaugen dagsenterOpen måndag, tysdag og torsdag kveld frå klokka 14.30 -21.00Middag og kveldsmatHyggeleg atmosfære og aktivitetar i ei mindre gruppe. Aktivitetar er trim, bilturar, hobbyaktivitet, sang og musikk, quiz, gå tur, matlagingKontakt oss på telefonnummer: 40 91 60 27 / 40 91 60 26Avdelingsleiar: 90 17 53 77Avlastning i brukar sin heimAvlasting i heimen vert gitt til pårørande som står i ei omfattande omsorgsoppgåve for ein person med demens. Avlasting i heimen er gratis, og det blir søkt via koordinering og tildeling. De som gir avlasting avtalar besøk på timebasis og kjem til heimen, eller tar vedkommande med ut slik at pårørande kan få avlasting. Ingeborgsstova i ØrskogDagtilbod for heimebuande personar med demens. Ope tysdag, onsdag og torsdag. Vi startar henting klokka 08.30, og køyrer brukarane heim omlag klokka 14.30. Det er frukost klokka 09.30, og middag klokka 13.00. Vi tilbyr personsentrert omsorg og fokuserar på gode opplevingar gjennom sosialt samvær, tilpassa fysisk aktivitet (inne\ute), fellesmåltid, humor og frisk luft. Vi er opptatt av å bruke lokalmiljøet og naturen rundt oss, og er ofte ute på tur. Nokre av aktivitetane vi driv med er: Tur ute eller trim innandørs Matlaging\baking Sang og musikk Kryssord\quiz e.l. Bingo\brettspel Bilturar Kaffestund med latter og god prat Du kan ta direkte kontakt med oss på telefon 90 58 38 49 (tysdag-torsdag) eller heimetenesta der du bur. Dagaktivitetssenteret på HarøyDette er eit tilbod til alle eldre som kan ha nytte av aktivisering, stimulering og som ønskjer gode opplevingar og ein meiningsfull kvardag saman med andre. Dagaktivitetssenteret Møteplass ligg på Steinshamn på Harøy. Lokala er ein del av Sandøytunet. Tilbodet er ope måndag, tysdag, onsdag og torsdag frå kl. 08.30-16.00 Vi har tilbod om skyss. Innhald: Musikk Trening Turar Hobbyaktivitetar Spel Høgtlesing Kulturelle arrangement Gode samtalar Tilbod om tre måltid per dag. Borgundheimen dagsenterÅpen måndag-fredag 08.00-15.30.Aktivitetar: trim, bowling, besøk på dyreklubben, quiz, sang og musikk, turgåingAdresse: Borgundgavlen 52Telefon: 48 06 69 34 / 90 25 03 97Søk plass på dagsenter Slik søkjer du om helse- og omsorgstenesterKlage på vedtak eller teneste Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.Aktivitetstilbod for eldre i senior-/dagsenterVi har også dagtilbod for personar utan demens.Støtte til brukar og pårørandeHer er informasjon om hukommelsesteametBetalingSjå prisane for dagopphald Ansvarleg for tenesta Førebygging og meistring Sist endra 01.09.2025 13.32