IllustrasjonsbileteÅ vere forelder er ei utfordrande oppgåve! Det er ein stor jobb å skulle handtere eit barn sine følelsar samtidig som ein handterer sine eigne. Når følelsar ikkje blir handterte på ein god måte kan familiar kome inn i vanskelege mønster og krevjande livssituasjonar, som tærer på energi og livskvalitet.
Barnet kan bli sint, stille, engsteleg, deprimert, utagerande, skamfullt eller på ulike vis utfordre grensene som foreldra ønsker å sette. Foreldra kan igjen bli sinte, fortvila, bekymra for framtida, føle avsky ovanfor barnet si atferd eller bli overdriven ettergivande eller strenge. Vi kan bli dårlege utgåver av oss sjølve og mislike oss sjølv som forelder. Uansett kva for mønster dykkar familie er i, kan ein gjere noko med det. Vi veit at alle foreldre vil, og vi trur alle kan.
Emosjonsfokusert ferdigheitstrening (EFST)
På dette 2-dagarskurset får du ei innføring i fire sentrale ferdigheiter for følelsesbevisste foreldre. Ferdigheitene tar utgangspunkt i metoden Emotion Focused Skills Training for Caregivers (EFST), som er ein anerkjent vitskapleg metode for å handtere følelsar i foreldrerolla.
Kurset er opplevingsbasert, med ei blanding av teori, øvingar og eigenarbeid.
Dei fire ferdigheitene er:
- Empatisk validering: Korleis møte eit barn sine følelsar på ein god måte, som lærer barnet ditt å forstå, tole, kunne handtere og ikkje skamme seg over eigne følelsar?
- Grensesetting: Koleis kunne sette grenser for barnet ditt på ein sunn og fleksibel måte?
- Reparasjon: Korleis reparere med barnet ditt og seie unnskyld når du har gjort noko dumt eller feil som barnet ditt har fått vondt av?
- Handtering av eigne følelsar: Korleis kan dine eigne følelser og emosjonelle sår stå i vegen for at du får gjort det beste for barnet ditt, og korleis komme over det?
Tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar:
"Eit veldig lærerikt og meiningsfullt kurs som eg er så glad for å få ta del i".
“Lærte mykje om meg sjølv og eigne opplevelsar som barn, som eg kan ta med i møte med eigne barn for å gjøre det betre”.
“Alle foreldre burde hatt dette kurset tidleg i foreldreskapet. Knallflinke kursholdarar!”
"Gav eit godt innsyn i måtar/verktøy for å enklare komme inn i problema våre".
"Eit veldig viktig og nyttig kurs holdt av to veldig kompetente kursholdarar".
"Eg lærte korleis eg kan håndtere mine eigne følelsr slik at barna føler at dei veks opp i ein trygg heim".
Praktisk informasjon
- Tidspunkt: Torsdag og fredag 17.-18. september 2026.
- MERK, du må ha anledning til å ta del begge dagane for å kunne melde deg på.
- Klokkeslett: 09 til 15.30.
- Stad: Ørskog kulturhus-Sidesal, Sjøholtvegen 19, 6240 Ørskog.
- Pris: 100,-.
- Kurshaldarar: Cecilie Alida Drotningsvik (Psykologspesialist i Familiestøttende tjenester, Ålesund kommune) og Tine Cicilie Kopperstad (Psykologspesialist i Helsestasjonstjenester, Ålesund kommune)
- Det blir servert kaffi, te og vatn og litt snacks i pausene, men alle må ta med eigen nistepakke til lunsjen.
- Alle foreldre er velkomne, uansett bakgrunn, alder på barna og situasjon familien er i.
- Barn skal ikkje delta eller vere med på kurset.
Påmelding
Om du har spørsmål til kurset, kan du ta kontakt på e-post:
Tine Cicilie Kopperstad
Meld deg på kurs i skjemaet her