Slik tek vi vare på drikkevatnet vårt

Vi treng reint drikkevatn. Difor passar vi på drikkevasskjeldene våre og hindrar forureining.  

Sjølv om det er lov med alminneleg ferdsel langs drikkevasskjeldene, må vi ta vare på vassforsyninga og difor er nokre aktivitetar forbode.

Det er ikkje lov med bading, fisking, bruk av båt, telting, camping og overnatting med hengekøye og liknande ved noko av drikkevasskjeldene våre. I tillegg har kvar drikkevasskjelde eigne reglar. Dei finn du under her.

 

Forvaltningsstrategi for Brusdalsvatnet

Det er vedtatt forvaltningsstrategi for Brusdalsvatnet, med unntak av kapittel om avløpshandtering for hus og hytter i området.  

Strategien gjeld drikkevasskjelda Brusdalsvatnet med nedbørsfelt. Målet er å sikre trygt og reint drikkevatn til innbyggarane både no og i framtida. 

Krava i drikkevassforskrifta viser tydeleg at vasskvaliteten i Brusdalsvatnet må sikrast på ein systematisk måte. Det får vi gjort med denne strategien som er eit overordna verktøy for alle einingar i Ålesund kommune for å

  • gi innbyggarane våre heilheitleg og lik behandling  
  • arbeide målretta med å sikre drikkevasskjelda mot forureining
  • forvalte Brusdalsvatnet med nedbørsfelt 

 

Strategien seier vi skal redusere aktivitet som kan forureine og at vi skal jobbe etter føre-var-prinsippet.  

Les heile strategien her (PDF, 981 kB).
 

Kvifor må vi passe på drikkevasskjeldene?

  • Vassbehandlingsanlegga kan svikte. 
  • Vi har rigga vassbehandlingsanlegga ut frå dagens kvalitet på råvatnet. 
  • Dei fleste vassbehandlingsanlegg er ikkje bygd for å fjerne kjemisk forureining.
  • Det er behov for ein buffer mot nye ukjente truslar og nye sjukdomsframkalla organismar (patogen).
  • Meir forureina vatn treng meir og dyrare vassbehandling.
    Kjelde: Norsk Vann

     
kart over drikkevasskjelder - Klikk for stort bilete

  •