Vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen

Vassbehandlingsanlegg i Fremmerholen

For å vere sikre på at vi kan gi reint vatn til 50.000 innbyggarar, må vi ha nytt vassbehandlingsanlegg.

Flyfoto med oversikt over Brusdalsvatnet og utover mot sentrum og havet - Klikk for stort bilete

Brusdalsvatnet er drikkevasskjelde for over 50 000 menneske i Ålesund og Sula. Med kun eitt vassbehandlingsanlegg er desse innbyggarane sårbare om noko skulle skje med vatnet.

Mattilsynet har stilt krav om å etablere reserve-vassbehandlingsanlegg som skal dekke 100 prosent av det daglege behovet, for å sikre full dekning av vassforsyning om eksisterande anlegg skal falle ut. Ålesund har fått fleire tidsfristar for å få på plass eit slik reserveanlegg, og Mattilsynet har varsla tiltak om ikkje Ålesund kommune set ein dato for bygging. 

Det er det no laga reguleringsplan og vi er i gang med prosjekteringa av eit nytt vassbehandlingsanlegg.

Sjå reguleringsplanen her

Brusdalsvatnet

Brusdalsvatnet vert vasskjelde også for det nye anlegget. Det har svært god vasskvalitet og er den einaste vasskjelda i området som er stor nok til å levere nok vatn. 

Det er vedteke av vassbehandlingsanlegget skal ligg i Brusdalsvegen 208 og råvasspumpestasjonen ved Brusdalsvatnet. Plassering av pumpestasjon som er vurdert i konsekvensutgreiinga er i friområdet ved Fremmerholen.

Prosjektleiar Marthe Therese Strømme seier det er viktig å sikre at den gode vasskvaliteten ikkje blir påverka av klimaendringar og andre forhold.

Difor er det svært viktig å verne områda rundt vatnet  og områda som er nedslagfeltet til vatnet. Negative endringar kjem gradvis over år, og vil vere vanskeleg å reversere om dei først har skjedd.

Framdriftsplan

  • Forventa oppstart bygging: Sommaren 2023
  • Forventa drift 2. kvartal 2026

Dette er gjort i prosjektet

Kva skjer vidare?

Etter detaljprosjektering skal vi ha konkurranser om utføring av sjølve anlegget og tilhøyrande leidningsanlegg. Før kontrahering av hovedentreprenør, skal det leggast fram ny sak for kommunestyret.

19.12.2022

16. desember 2022

Mattilsynet har godkjent planane for nytt behandlingsanlegg med tilhøyrande inntaksleidningar, pumpestasjon og overføringsleidningar. 

Godkjenninga finn du her:  54803900 Innvilger søknad - Fremmerholen vba 16.12.22 (PDF, 323 kB)

16.12.2022

13. desember 2022

Planutvalet behandla klage på reguleringsplanen, og klagen vert no sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Dokument 22/120009 viser saka.

13.12.2022

15. september 2022

Kommunestyret eigengodkjente reguleringsplanen.

Dokument 22/79857 viser sakspapir og behandling.

15.09.2022

15. august 2022

Kvalitetskontroll og usikkerheitsanalyse vart lagt fram for formannskapet.

Dokument 22/82945 

Opptak frå møtet ser du her

15.08.2022

14. april 2021

Kommunen og Asplan Viak hadde onsdag 14. april orientering i kommunedelsutvalet for Spjelkavik, Åse og Lerstad. Her blei det lagt fram presisering av tidlegare varsel i leteområde for pumpestasjon.

1. mai 2021

134 merknader frå offentlege myndigheiter, organisasjonar med interesse i området og frå naboar og grunneigarar til oppstartsvarselet.

18. mai 2021

I samband med at det skal bli laga ein reguleringsplan for nytt vassbehandlingsanlegg, er kommunen pålagt å utføre arkeologiske utgravingar. 

16. september 2021

Konsekvensutreiiginga er ferdig. For meir informasjon sjå silingsrapport for pumpestasjon (PDF, 2 MB), som er ei samanstilling av eigen sak om konsekvensutredning råvannspumpestasjon (PDF, 11 MB).

14. desember 2021

Planutvalet har i møtet sitt gjort vedtak om offentleg ettersyn av reguleringsplanen.

 

22. desember 2021

 Frå 22. desember til 9. februar 2022 var det offentleg høyring av reguleringsplanen for vassbehandlingsanlegget.

Meir informasjon

Til toppen