Fremmerholen vassbehandlingsanlegg

Vi bygger nytt vassbehandlinganlegg for å sikre reint drikkevatn til nesten 70.000 innbyggarar i Ålesund, Sula og Giske.

Fremmerholen - Praktisk informasjon til naboar

 

kvinne som drikk vatn - Klikk for stort bilete Unsplash/Giorgio Trovato

Ålesund og Sula har berre ei drikkevasskjelde og i dag har vi berre eit anlegg til å behandle vatnet derifrå. Det er sårbart og ein stor risiko. For å sikre folk livsviktig, reint drikkevatn starta vi i november 2023 arbeidet med å bygge eit nytt anlegg med vassbehandling, pumpestasjon og nye vassleidningar. 

Prosessanlegg

Sjølve vassbehandlingsanlegget er i Brusdalsvegen 208.

Her kjem prosessanlegg som ligg i eit bygg på 2/3 etasjar med rørkjellar og rørgater under bakken. Grunnflata på huset er 1000 kvadratmeter. Arealet på dei til saman ti filterbassenga og andre vassfylte kammer er om lag 500 kvadratmeter. Det er også her personalavdelinga til det nye anlegget vert.

I Brusdalsvegen 208 blir det også reintvassanlegg som er eit bygg i 1/2 etasjar og med ei grunnflate på om lag 900 kvadratmeter. Grunnflate på sjølve reintvassbassenget i dette bygget er på om lag 500 kvadratmeter.

stort hus med grusa veg og planert mold rundt - Klikk for stort bileteSlik såg Fremmerholen vassbehandlingsanlegg ut midtsommars 2026.

Pumpestasjon

I tillegg til vassbehandlingsanlegget bygger vi pumpestasjon.  

Pumpestasjonen er eit bygg på to etasjar og med ei grunnflate på 150 kvadratmeter. Stasjonen er spesialbygd for mellom anna å dempe lyd frå pumpene. Utomhus har gjenbruk av jord, stein og vegetasjon gjort at ein får lavare pris og lavare klimautslepp samtidig som det blir raskare grønare og tilgrodd etter vi er ferdige med arbeidet. 

steinkledd hus ved vatn - Klikk for stort bilete

Nye leidningar

I tillegg til husa og anlegg over bakken, vert det lagt nye inntaksleidningar og sjøleidningane frå Brusdalsvatnet skal leggast om. 

Det er også lagt nye leidningar i Rødsetvegen og Brusdalsvegen. 

Arbeidet med regulering av vassbehandlingsanlegget starta i 2021 og reguleringsplanen vart vedteken i 2022.

Framdriftsplan

  • Byggestart: 20. november 2023
  • Forventa testkøyring av anlegget: Vinter 26/27
  • Forventa oppstart: Vår/sommar 2027
     

Fremmerholen vassbehandlingsanlegg

Her finn du svar på spørsmål som ofte har vore stilt om det nye vassbehandlingsanlegget i Fremmerholen

Meir informasjon