Folkeliv på Kulturhavna
Memoria
Re-Value er eit internasjonalt forskings- og innovasjonsprosjekt som sidan 2023 har gitt Ålesund kommune ny kunnskap, nye verktøy og nye måtar å jobbe med byutvikling på. Prosjektet har kopla saman forsking, praksis og medverknad – og har bidrege direkte til utviklinga av Sørsida og aktiveringa av Kulturhavna som ein ny del av byen.
Tre hovudpilarar i arbeidet
1. Kunnskapsgrunnlag og samarbeid med akademia
Re-Value har gitt eit omfattande faktagrunnlag for vidare byutvikling. I samarbeid med ulike fagmiljø, NTNU og studentar ved fleire studiestadar i inn- og utland, er det gjennomført ei rekkje utgreiingar og masteroppgåver som tek for seg tema som sosial berekraft, midlertidige tiltak i byutvikling og gjenbruk av gamle bygg.
Dette arbeidet har styrkt kommunen sin kompetanse og lagt eit solid kunnskapsgrunnlag for framtidige prosjekt.
→ Sjå rapportar og masteroppgåver frå Re-Value (lenke kjem)
2. Medverknad og arbeid med barn og unge
Gjennom Re-Value har Ålesund kommune tatt i bruk nye metodar for involvering. Vi har mellom anna arrangert innovasjonscampar saman med Ungt Entreprenørskap for barn og unge, der dei har fått brukt både stemma si og hovuda sine, og bidrege til framtidas Ålesund.
Innspela frå ungdomane er klokkeklare: dei ønskjer seg til sentrum – og dei saknar tilgjengelege uterom og møteplassar i byen.
Konkrete idéar frå desse campane har allereie blitt prøvd ut, som rullehallen i det gamle havnelageret, eller den grøne øya på Kulturhavna.
3. Tidleg aktivering og midlertidig bruk
Re-Value har bidrege til at vi har kome raskare i gang med aktivitetar i byutviklingsområda våre. Gjennom prosjekt som Kulturhavna har vi fått testa ut midlertidige løysingar, arrangement og møteplassar som skaper liv i området før utbygging startar. Desse erfaringane er verdifulle for vidare utvikling – og viser korleis midlertidige tiltak kan skape engasjement og tilhøyrsle til nye bydelar.
Kva har vi fått til
Re-Value har gitt oss:
- eit sterkt fagleg og forskingsbasert grunnlag for byutvikling
- nye metodar for å involvere barn og unge
- meir aktivitet og engasjement i utviklingsområda tidleg i prosessen
- betre samspel mellom kommunen, akademia og næringsliv
Gjennom prosjektet har Ålesund kommune investert i kompetanse, samarbeid og nye arbeidsformer som kjem fleire prosjekt til gode. Re-Value har vist korleis EU-finansierte FoU-prosjekt kan hjelpe oss å realisere vedtekne satsingar raskare, betre og meir heilskapleg.
Vidare arbeid
Kunnskapen og erfaringane frå Re-Value blir no tekne vidare i arbeidet med Sørsida, Kulturhavna og andre by- og stadutviklingsprosjekt.
Prosjektet har sett standarden for korleis vi ønskjer å jobbe med forsking, medverknad og berekraftig stadsutvikling i framtida.
→ Les meir om Kulturhavna
→ Les meir om Sørsida-prosjektet
Meir informasjon
Re-Value er eit europeisk samarbeid mellom fleire byar og forskingsmiljø. Du kan lese meir om prosjektet på den offisielle nettstaden.