Re-Value

Re-Value er eit EU-prosjekt der 9 europeiske kystbyar skal vise kordan klimanøytralitet og urbane kvalitetar kan samordnast gjennom å gi ny verdi til hamneområda. Sørsida i Ålesund er valt som døme på eit slikt område.

Kvifor

Dei neste åra skal Sørsida utviklast, dette vil saman med bypakken og andre prosjekt gi store endringar i Ålesund sentrum. Ålesund kommune har forplikta seg til å nå dei nasjonale måla om å redusere klimagassutslepp, prosjektet skal sikre at Sørsida bidrar til reduksjon i så stor grad som mogleg. I tillegg skal området bli attraktivt for mange ulike brukarar og sikre alle dimensjonane av berekraft. Prosjektet skal sikre bred medverking, spesielt barn og unge har en viktig rolle.

Korleis

Re-Value skal styrke kopling mot andre prosjekt i byrommet. Vi skal sikre at beste praksis frå tilsvarande prosjekt nasjonalt og internasjonalt blir brukt og jobbe med grunnleggande tema som grøntområder,  sirkulærøkonomi, mobilitet, kultur og gode byrom.

Når

Prosjektet starta i 2023 og varer til 2027 og vil følgje Sørsida i en periode med mykje aktivitet.

Kven

Partnarane i Ålesund er: Teatret vårt, Ungt entreprenørskap, NTNU i Ålesund, Ålesund kommune.