Bypakke Ålesund

Ålesund rustar seg for framtida med Bypakke Ålesund, eit av dei største samferdselsprosjekta i kommunen, der 4 milliardar kroner skal betre vegar og kollektivtransport.

Eit bilete av Ålesund tatt frå Fjellstua - Klikk for stort bilete

Om Bypakken

Om 20 år er vi mange tusen fleire innbyggjarar i Ålesund. Vegane våre er allereie pressa og difor må vi bygge nye. I tillegg må vi gjere det betre for alle dei som syklar, går og tek buss.

Vi skal sikre at kommunen framleis skal vere ein god by for alle, også i framtida. Det skal bli enklare og tryggare å bevege seg til og frå – enten du køyrer bil, syklar, går eller tek bussen. Fire milliardar kroner skal brukast på å betre vegane, bygge sykkelvegar, gjer det tryggare for dei mjuke trafikantane og legge til rette for auka bruk av buss. 

Bypakken vart vedteken av bystyret i Ålesund og Møre og Romsdal fylkesting i juni 2019, og i Stortinget i mai 2021. 

Finansiering av Bypakke Ålesund

Finansieringa av Bypakke Ålesund er basert på innkrevjing av bompengar, samt statlege, fylkeskommunale og kommunale midlar. I tillegg er det lagt til grunn at all meirverdiavgift som staten refunderer for prosjekt og tiltak i bypakka skal førast tilbake til Bypakke Ålesund. 

  •     Statlege midlar: 620 millionar kroner
  •     Fylkeskommunale og kommunale tilskot: 135 millionar kroner
  •     Refusjon av meirverdiavgift: 140 millionar kroner
  •     Bompengar: 3 128 millionar kroner

Bypakken har ei kostadsramme på om lag fire milliardar kroner. E136 Breivika-Lerstad er det største prosjektet i Bypakke Ålesund. Prosjektet er kostnadsrekna til 2 milliardar kroner. To milliardar skal brukast på trafikksikring, kollektivtiltak og sykkelvegar. Blant dei store prosjekta er nytt kollektivknutepunkt ved Ålesund sjukehus, ny bru over Brosundet, og miljøgate og tiltak rundt Campus.

Innkrevinga av bompengar starta 22. august 2022, og Bypakke Ålesund kan ha ein innkrevjingsperiode på inntil 15 år. 

Mål å redusere biltrafikken

Det er eit mål frå sentrale myndigheiter å redusere biltrafikken i norske byar. Difor har bypakken i Ålesund fleire hovudmål:  

  • Byen skal ha eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer. Transportsystemet må møte veksten i transportsektoren.  
  • Bypakken skal bidra til å utvikle framtidsretta kollektivtilbod.  
  • Bypakken skal bidra til attraktiv og berekraftig byutvikling. 

Organisering

Bypakke Ålesund er eit samarbeidsprosjekt mellom Ålesund kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen. Eit sekretariat med tilsette frå dei tre samarbeidspartane førebur saker til den politisk utnemnde Styringsgruppa for Bypakke Ålesund. 

Besøk nettsida til Bypakke Ålesund her.

Følg Bypakke Ålesund på Facebook her.