Mål
Brosundtunnelen har som formål å redusere trafikkbelastninga gjennom gatene i sentrum ved å leie gjennomfartstrafikken i ein ny undersjøisk tunnel og legge til rette for et attraktivt bysentrum med gode byrom.
Ein redusert trafikk- og miljøbelastning i bysentrum vil legge til rette for bustadutvikling, arbeidsplassar, handel og kulturaktivitetar og hjelpe å forme ut nytt veg- og gateanlegg tilpassa urbane omgivelsar som fremmar by- og næringsutvikling i sentrum og ytre bydel.
Tunnelen er meint å vere det føretrekte alternativet for biltransport som kryssar Brosundet gjennom sentrum.
Planavgrensning til BrosundtunnelenBakgrunn for prosjektet
2017 - Politisk bestilling
Planarbeidet for Brosundtunnelen er ei politisk bestilling med med forankring i Ålesund bystyre si budsjettbehandling for 2017, der det mellom anna vart sett av midlar til planlegging og regulering av Brosundtunnelen.
Arbeidet med Brosundtunnelen er i tråd med føringane i kommunedelplanen for Ålesund sin arealdel 2016 - 2028.
2018 - Idéprosess
Våren 2018 vart det gjennomført ein idéprosess for å evaluere alternativar til kvar vegtrasèen til Brosundtunnelen kan gå. Fleire alternativ var drøfta, og på bakgrunn av dei faglige vurderingane og innspela som var innkomne vart det utarbeida eit dokument som oppsummerar resultatet fra idéprosessen. Dokumentet finn ein her: Brosundtunnelen -Idéutvikling og overordna-siling (PDF, 2 MB)
2021 - Vedtatt planprogram
I oppstartsfasen av planprosessen for Brosundtunnelen vart det laga eit planprogram. Planprogrammet er eit plan- og utgreiingsarbeid som dannar grunnlag for utarbeiding av ein reguleringsplan og listar opp fleire tema som inngår i konsekvensutredning, og avklarar kva som vil vere viktige omsyn i det vidare planarbeidet. Planprogrammet hadde ein høyringsfrist på 6 veker frå kunngjeringsdato, og var behandla og fastsett av Ålesund kommune i 2021. Dokumentet for vedtatt planprogram finn ein her: Brosundtunnelen - Fastsatt planprogram (PDF, 6 MB)
2023 - Oppstart detaljprosjektering for tunnelinnslag på Ysteneset
Det blei varsla oppstart om detaljregulering for det austlege tunnelinnslaget på Ysteneset i november 2023. Dette er eit pågåande planarbeid som hadde ein frist for innspel 31.12.2023.
2024 - Politisk 1.gangsbehandling og offentleg ettersyn
Ålesund planutvalg vedtok 17.09.2024 med hjemmel i Plan og bygningslova (pbl) §12-10 å legge forslaget til detaljregulering ut til offentleg ettersyn. Dette blei varsla ut 22. oktober 2024. Har du merknader til planforslaget, så ber vi om at du sender desse skriftlig på epost eller brev innen 31.12.2024. Informasjon om offentleg ettersyn og innsyn i plandokument finn du nederst på nettsida.
Vi inviterer til åpent informasjonsmøte om planen i Bystyresalen, 4. etasje på Ålesund rådhus onsdag 13. november 2024 kl. 18.00 - 20.00. Alle interesserte er velkomne.