Her blir det grave

Når kommunen grev i gata eller vegen din, finn du utfyllande informasjon om det her.

Kort fortalt

  • Nedanfor ser du nokre av prosjekta som kommunen har ansvar for.
  • Nokon gangar er det Statens vegvesen eller andre som grev. Då er det dei som har informasjon om anleggsarbeidet.

Brosundtunnelen i Ålesund

Målet med Brosundtunnelen er å avlaste dagens trafikk gjennom Ålesund sentrum og legge til rette for eit attraktivt bysentrum med gode byrom. 

Bypakke Ålesund

Ålesund rustar seg for framtida med Bypakke Ålesund, eit av dei største samferdselsprosjekta i kommunen, der 4 milliardar kroner skal betre vegar og kollektivtransport.

Borgundfjordstien

Borgundfjordstien, frå Bogneset til Furmyra, er no ferdig og Ålesund kommune har starta planlegging av forlenging av turvegen mot Ålesund sentrum.