Humla/Tørla - bygging av ny gang- og sykkelveg

Humla og Tørla står no framfor ei viktig oppgradering av offentleg infrastruktur, mellom anna med gang- og sykkelveg langs Tørlevegen.

I samband med at det skal etablerast pumpeleidning langs Tørlevegen til renseanlegget på Kongshaugen, er det no mogeleg å få løyst mange andre utfordringar som har vore til hinder for vidare utbygging. Dette gjeld heilt konkret etablering av gang- og sykkelveg langs Tørlevegen. Dette vil kunne gjere kvardagen tryggare og betre for dykk som alt bur på  øyane.  

kart - Klikk for stort bileteRaude strekninga viser gang- og sykkelveg med samordning, medan blå strekning er berre med oppgradering av leidningar.

Kva bygger vi?

Når vi skal bygge gang- og sykkelvegen, er det ein del anna som også må på plass. I tillegg til bru, må det mellom anna på plass to par busstopp, nytt kryss i Hankane, ny tilkomstveg til naustrekkje i Årvika og snarveg til same nausta. I tillegg må vi lage møteplassar til erstatning for dei vi tek vekk, samt flytte fylkesvegen sørover forbi nausta, for å få plass til gang- og sykkelvegen.  

Samspel opnar for moglegheit

Etablering av pumpeleidninga til Kongshaugen opnar for at vi saman kan bygge gang- og sykkelvegen frå Vegsundrabben til krysset med Hankane. Samkøyring av disse prosjekta, og samordning med andre aktørar, vil gi billegare utbygging av gang- og sykkelvegen. Politikarane i kommunen har sett av pengar til kommunen sin del av gang- og sykkelvegen, og også vedteke å forskotere utbyggjarane sin andel. Til saman var prosjektet berekna å koste om lag 96 millionar kroner. 

Å  bygge gang- og sykkelveg samtidig med pumpeleidninga er  ei unik moglegheit til å få på plass prosjektet med gang- og sykkelvegen, men det legg også eit tidspress på prosessen. Særleg gjeld det utbyggingsavtalane, som vi er avhengige av å få på plass ganske raskt for å kunne bygge gang- og sykkelveg samtidig med pumpeleidninga.  

For å kunne sette i gang bygging av  gang- og sykkelvegen og bruke denne moglegheita som er no, er vi avhengige av å få på plass utbyggingsavtalane. Dersom vi ikkje kjem i mål med avtalane, vil det ikkje verte ei utbygging i denne omgang.   

kart - Klikk for stort bileteUtklipp frå vestleg del av planlagt gang- og sykkelveg langs Tørlevegen.

 

Samordning og fordelar

Prosjektet var opphaveleg fra krysset til Hankane og fram til eksisterande gang- og sykkelveg i aust. Sidan vi også legg til rette for samordning med anna infrastruktur i slike prosjekt, er prosjektet utvida fram til Tjørsundbrua, for å kunne ta med samanhengande ny forsyning for høgspent, vatn, gatelys og fiber. Det betyr at samordninga også kan gi sikrare forsyning til Humla og Tørla.   

Samordning med andre aktørar  betyr at dei tek sin del av felleskostnadane i tillegg til sine eigne kostnadar, slik at det vert ei rimelegare løysing for alle partar. 

Status framdrift

Fram til no har administrasjonen i kommunen arbeidd med å få prosjektet klart til utlysing av anbodskonkurranse. Då kan vi også kan få eit meir tydeleg kostnadsbilde, før sjølve anbodsprosessen startar.  

Prosjektet har vore delt i to delar, der den største fysiske delen er gang- og sykkelveg på sjølve Tørla, og den andre delen er bru-løysinga over Tjørsundet. Planen er at desse vert lyst ut i to ulike anbod, og at dei kan gå føre seg uavhengig av kvarandre.  

Gang- og sykkelvegen har vore prioritert fordi det hasta å få til samordning med pumpeleidninga på strekninga. Difor har vi kome lengst i prosjektering og detaljeringsgrada på den.  

Likevel er det framleis uavklarte moment som gjer at vi foreløpig ikkje kan lyse ut den fyrste anbodskonkurransen. Mellom anna må vi få signerte utbyggingsavtalar først og få svar på byggesøknaden. I byggesøknaden er det spesielt dispensasjonen som går på å flytte heile fylkesvegen sørover ved det bratte partiet ved nausta som er mest omfattande. Dersom dette ikkje går gjennom, må det oppførast mur mot nausta, noko som vil auke kostnadene.  

Detaljprosjektering på bruløysinga er i gang, men det vil ta noko tid før denne er landa. Løysinga med påhengt bru let seg  ikkje gjennomføre. Det betyr at vi måtte ei ny runde med konseptutreiing for ei frittståande gang- og sykkelbru, ei løysing som også vil bli ei vesentleg dyrare. Den nye forventa totalkostnaden er oppdatert med nytt kostnadsestimat for brua, om lag 30 millionar meir enn den tidlegare løysinga.  

Vi arbeidar no vidare mot ei løysing som kan få godkjenning av Vegdirektoratet, og sidan lysast ut på anbod i siste halvdel av 2026.  

Kva skjer vidare?  

Grunneigarar/utbyggarar vil snart får eit utkast til avtale, og vil få meir informasjon framover.