Panoramabilde over Ålesund sentrumKva:
Formålet med tålegrenseanalysen er å undersøkje korleis Ålesund tåler presset som følgjer med turisme, og kva som er eit anbefalt nivå. Analysen skal gi eit kunnskapsgrunnlag som gjer det mogleg for kommunen, fylkeskommunen og andre aktørar å leggje til rette for god lokal utvikling og besøksstyring. Ho skal også sikre at besøksstyringa skjer innanfor anbefalt tålegrense med omsyn til folkemengder, verdiskaping og slitasje på naturområde.
Analysen handler om alle typar turisme – heile breidda av reiselivet i Ålesund – frå dagsbesøk og overnatting til kultur- og naturbaserte opplevingar og arrangement.
Prosjektperioda er frå september 2025 til februar 2026.
Kvifor:
Målet med oppdraget er å gi eit solid fakta- og kunnskapsgrunnlag som skal vere til hjelp i framtidig arbeid med besøksstrategi, samt andre planar og vurderingar knytt til besøksforvaltning. Ålesund kommune skal i samarbeid med Destinasjon Ålesund & Sunnmøre arbeide for å bli godkjent gjennom «Merket for berekraftig reisemål». Analysen vil bidra til å danne grunnlaget for oppfølgingsarbeidet rundt denne ordninga.
Asplan Viak anbefalte våren 2025 at kommunen gjennomfører ei tålegrenseanalyse i samband med “Mulighetsstudie om eventuell flytting av cruisekaia i Ålesund”. Dette er hovudgrunnen til at arbeidet med analysen startar opp hausten 2025.
Økonomisk:
Anskaffingsverdien for oppdraget er 494 000 kroner. Leverandøren vart valt gjennom ein avgrensa tilbodskonkurranse.
Kvar:
Tålegrenseanalysen omfattar heile Ålesund kommune som geografisk område. Det er planlagt to opne folkemøte i Ålesund – eitt ved oppstart og eitt ved avslutning. Elles vil alle møte med arbeidsgruppa og andre interessentar skje digitalt.
Korleis:
Leverandøren, PwC, vil kombinere innsamling av kvantitative og kvalitative data for å sikre ei heilskapleg analyse som tek omsyn til dei sju dimensjonane for tålegrense: klima, miljø, sosial berekraft, økonomi, visuelle effektar, juridiske rammer og infrastruktur. PwC vil involvere relevante aktørar i arbeidet, inkludert kommunen, lokale næringsaktørar og andre interessentar. Prosessen vil bestå av både folkemøte og samarbeid med ulike interessentar. Tilbodet frå PwC inkluderer eit datasett som legg til rette for framtidig rapportering og vurdering i andre relevante prosessar.
Planlagde aktivitetar for medverknad:
- Intervju av relevante aktørar i november 2025
- Folkemøte 4. desember 2025
- Spørjeundersøking og datainnsamling i kartløysing på nett
- Avsluttande folkemøte med presentasjon av rapport i februar 2026
Les mer om hvordan du kan bidra.
Kven:
PwC (PricewaterhouseCoopers AS) er valt som leverandør for oppdraget. PwC har lang erfaring med å levere rådgivingstenester og analysar til både offentleg og privat sektor. Dei har gjennom åra samarbeidd tett med reiselivsaktørar, destinasjonsselskap og offentlege aktørar i ulike prosjekt.
Desse er representerte, saman med PwC (prosjektleiar):
- Ålesund kommune (prosjekteigar)
- Destinasjon Ålesund & Sunnmøre (DÅS)
- Atlanterhavsparken
- Hotel Brosundet
- Momentium
- Vy
- Ålesund hamnevesen
- Ålesund parkering
- Ålesund sentrumsforening
Dokument
Ingen relevante dokument på noverande tidspunkt.