Turister som padler kajakk i Brosundet.
Uteguiden
Siden i fjor haust har kommunen, saman med Tell Norge (tidlegare PwC) og ei brei gruppe lokale aktørar, arbeidd med ei omfattande kartlegging av korleis turismen påverkar Ålesund – både kva som er positivt og utfordrande. Målet har vore å finne kva som er eit berekraftig nivå av besøkande, og korleis vi best kan utvikle byen og regionen vidare som reisemål.
No er analysa klar, og vi vil dele innsiktene.
Folkemøte
- Dato: 24. februar 2026
- Tid: Kl. 17.00
- Stad: Bystyresalen i Ålesund
Møtet er ope for alle, og vi håper mange vil kome for å lære meir, stille spørsmål og bidra til ein god samtale om framtidas Ålesund.
Dei som ønskjer det, kan sjå når rapporten blir lagt fram for Formannskapet same dag via Kommune-TV.
Sjå direktesending av Formannskapet 24. februar kl. 09.30.
Kvifor dette er viktig?
Turismen i Ålesund er inne i ein spennande vekstfase. Samtidig aukar behovet for å sikre at utviklinga skjer på ein måte som ivaretar både lokalsamfunn, natur, næringsliv og kapasitet i byrom og infrastruktur.
Tålegrenseanalysa er laga for å gi eit solid kunnskapsgrunnlag som kan brukast i framtidig planlegging, besøksstyring og vidare arbeid med Merket for berekraftig reisemål.
På folkemøtet vil Tell Norge presentere funn, vurderingar og anbefalingar, og det blir høve til å stille spørsmål.
Vil du vite meir?
Les meir om prosjektet Tålegrenseanalyse for turisme i Ålesund.