Samanslåing av eigedommar

  • Eigedommar som grensar til kvarandre og som har same eigar/eigarar, kan bli slått saman for å skape ryddigare ansvars- og eigedomsforhold. 
  • Hovudregelen om at eigedommane skal grense til kvarandre, kan fråvikast dersom kommunen finn samanslåinga føremålstenleg. 
  • I ein del tilfelle – som ved bygging, seksjonering og frådeling av tilleggsparsell – kan kommunen stille krav om at samanslåing skal skje 

​​​​​​Kven kan krevje samanslåing? 

Samanslåing kan krevjast av den som har grunnboksheimel som eigar til aktuelle eigedommar, jfr. matrikkellova § 18 

Kva skal kravet innehalde? 

  • Skjema for samanslåing 
  • Kart over grenser og grensemerke for dei matrikkeleiningane eller grensestrekningane som saka gjeld. 
  • Stadfesting på at eventuell heimelshavar til bruksrett er varsla. 
  • Dokument som er nødvendige for å få tinglyst samanslåinga. Eventuell skulddelingsforretning, jordskiftesak. 

Vilkår 

  • Før kravet blir behandla, må det vere underteikna av den eller dei som har grunnboksheimel som eigar(ar), jf. matrikkellova § 18
  • Viss nokon av matrikkeleiningane har hefte, må det ordnast opp i desse før samanslåing kan skje, jf. matrikkelforskrifta § 43, åttande ledd. Opplysningar om hefte m.v. kan du få ved å vende deg til tinglysingsstyresmakta.

Saksgang 

Når krav om samanslåing er registrert i kommunen, tar vi ein enkel gjennomgang av saka. Er det manglar, orienterer vi om dette. Dersom vilkåra for samanslåing er oppfylte vil kommunen først slå saman eigedomane i matrikkelen. Dersom det er hefte på eigedomane som krev avklaring, blir samanslåinga sendt vidare til Kartverket for tinglysing. I andre tilfelle kan kommunen tinglyse samanslåinga elektronisk, etter at matrikkelføringa er gjennomført.

Når samanslåinga er matrikkelført og tinglyst vil det bli utarbeidd matrikkelbrev for ny samanslått eigedom. Matrikkelbrevet blir sendt til rekvirent. 

Saksbehandlingstida for samanslåing er inntil 6 veker, jfr. matrikkelforskrifta § 19 

Gebyr 

Samanslåing er gebyrfritt. 

Skjema 

Skjema for samanslåing 

Lovhenvisning 

Matrikkellova

Matrikkelforskrifta

Sjå også 

Eigedomsinformasjon 

Tinglysing 

Ansvarleg for tenesta