Sakshandsaminga
Det er dei einskilde kommunedelsutvala som fremmar forslag til nye vegnamn. Formannskapet vedtek namna etter at Språkrådet si namnetjeneste har uttalt seg med omsyn til skrivemåte. Formannskapet sitt vedtak (val av namn) er endeleg og kan difor ikkje påklagast. Skrivemåten kan alikevel påklagast av den som har rett til dette.
Sjå §12 og §6 i Språklova og Språkrådets nettsider.
Registrering
Etter at vedtak er gjort av kommunen vert vegnamna (adressenamna) ført i matrikkelen.
Eigedomar knytt til dei einskilde vegane kan då tildelast ei vegadresse (vegnamn og husnummer). Sjå meir om adressering.
Innspel på val av vegnamn
I samband med kommunens handsaminga av vegnamnsakene kan innbyggarar kome med innspel/forslag på vegnamn. Dei gode innspela vil verte nytta i den politiske handsaminga av vegnamnsakene. Kommunen har laga ein digital kartdialog der innbyggajarane kan kome med sine innspel.
Vegnamn i Ålesund kommune
Liste over alle vegnamn i Ålesund kommune (PDF, 273 kB).
Viktige lenker
Om stadnamn hos Språkrådet
Om stadnamn hos Kartverket
Adresseveileder hos Kartverket
Lov om stadnamn