Eigedomsskattelova § 7a og § 7b:
«§ 7 Kommunestyret kan fritaka desse eigedomane heilt eller delvis for eigedomsskatt:
a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten.
b) Bygning som har historisk verde.»
Kommunestyre har gjort følgjande vedtak om fritak etter § 7:
"For 2025 kan eigendomar bli friteke i medhald av eiendomsskatteloven § 7:
§ 7 a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten
§ 7 b) Bygning som har historisk verde
Oversikt/liste over eigedomar som er aktuelle for fritak etter § 7 a) og b), sjå vedlegg til saken."
Eigarar/heimelshavarar som kan ha rett til fritak etter reglane i § 7 bokstav a og b, og som ikkje står på lista som følgjer dette vedtaket, kan søke kommunen om slikt fritak.
Fritak etter §7a (PDF, 2 MB)
Fritak etter §7b (PDF, 363 kB)
Søknaden må vere skriftleg og sendast kommunen innan 01.06.2026. Søknaden sendas til: Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund. Du kan også sende elektronisk til postmottak@alesund.kommune.no
Sjå Eigedomsskatteloven for meir informasjon.