Årsaka til at kommunen nyttar P-ROM for utrekning av eigedomsskattegrunnlaget, er at Skatteetaten bruker dette arealet ved utrekning av bustadverdien.
Primær areal (P-ROM) er alt som kan definerast som opphaldsrom i bustaden, til dømes stove, kjøkken, soverom, bad, vaskerom og entré. Garasje, buer etc. blir ikkje rekna med.
Du kan finne meir informasjon om korleis ein måler opp p-rom på Skatteetaten sine sider.
Dersom du har fleire spørsmål om areal og korleis dette blir brukt for dei andre kommunale avgiftene, kan du sjå sida om berekning av areal på bygning.