Klage på eigedomsskatten

På side to av skattesetelen din kjem det fram kva du skal gjere dersom det er feil i berekningsgrunnlaget, eller om du vil klage.

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Du kan klage dersom du kan dokumentere at taksten er for høg i forhold til antatt omsetningsverdi. Ved andre feil eller spørsmål, ber vi om at du tek kontakt med kommunen før du eventuelt sender inn ein klage. Dette kan for eksempel vere faktafeil på areal eller kva bygninga blir brukt til. Klagefrist er 6 veker frå skattelista blir offentleggjort eller skattesetel blir sendt ut.

Eventuell klage skal vere skriftleg. Klage skal merkast med gards- og bruksnummer, eventuelt også feste-/seksjonsnummer og kontaktinformasjon.

Klage ved bruk av bustadverdien frå Skatteetaten

Meiner du at Skatteetaten sin bustadverdi (formuesgrunnlaget) er feil, må du kontrollere opplysingane Skatteetaten har om bustaden din: Primærareal (P-ROM), byggjeår, og bustadtype.
Desse faktaopplysingane finn du under "Grunnlag for likningsverdi" i skattemeldinga.

Du kan eventuelt korrigere informasjonen sjølv i skattemeldinga. Endringar av slike faktaopplysningar vil normalt sett først få innverknad på eigedomsskatten året etter.

Les meir om dette på Skatteetaten sine nettsider.

Dersom du finn grunnlag for endring, og Skatteetaten endrar bustadverdien din, må du sjølv ta kontakt med kommunen i etterkant. Dette slik at vi får registrert endringane i systemet vårt.