Skodje barneskule

Skodje barneskule ligg i eit vakkert område med fjord og fjell, skog og turløyper. Tre uteklasserom gir gode høve til kreativ bruk av naturen. 

Fasade og leikeområde for Skodje barneskule - Klikk for stort bilete

Skolen vart bygd i 1996. Han er delt inn i sju klassetrinnsareal med fleksible romløysingar, samt eit brakkebygg i tilknytning til skolen. I mai 2021 tok skolen i bruk det flotte og ferdigstilte skolebygget, som rommar alt anna enn idrettshall. Idrettshallen og Gomerhuset nyttar skolen på lik linje med ungdomsskolen, som ligg like ved.

I Gomerhuset, kultur- og idrettshuset i Skodje, disponerer vi bibliotek, stor idrettshall og kultursal med 350 sitjeplassar i amfi. Denne blir jamleg brukt både til interne arrangement og til samlingar for foreldre/føresette.

Helse og velferd

Skolehelsetenesta.

Skolereglar

Skolereglar for dei kommunale grunnskolane i Ålesund

SFO

SFO-personalet er der for barna og har eit sterkt ønskje om å skape eit triveleg og trygt miljø for dei. Måla våre er vennskap, tryggleik og sosial læring, slik at alle får det fint og kjekt ilag. Dagleg jobbar vi med den sosiale læringa og evna til å kunne vere ilag på ein fin måte.

SFO legg vekt på leiken fordi barna gjennom leiken lærer og utviklar seg på mange område, og fordi personlegdomsutvikling og sosialisering er svært viktige prosessar.

Kontakt

Telefon

Søk etter kontaktinformasjon