Emblem skule

Illustrasjon av Emblem skule - Klikk for stort bilete

Emblem skule er ein barneskole som ligg landleg til med skog, fjell og fjord som nærmaste nabo. Skolebygget er nytt og moderne med ein stor fleirbrukshall i tilknyting til skolen, og det er eit flott uteområde med gode moglegheiter for variert leik og aktivitet.  

Skolen har rundt 200 elevar på 1.-7trinn, og det er rundt 30 tilsette i skole og SFO. Hovudmålform er nynorsk, og det er om lag 1/3 av elevane som har bokmål som målform.  

Skolen sitt motto er «Vi er ulike og det er vår styrke». Vi skal bry oss om kvarandre og ta vare på kvarandre.  

 

Våre satsingsområde: 

  • Trygt og godt skolemiljø gjennom arbeid med språkbruk, fysisk aktivitet og inkluderande undervisning 
  • Tilpassa opplæring og dysleksivenleg praksis 
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse 

 

Felles syn på læring: 

Det er måla i læreplanen som skal stå i fokus under læraranes arbeid både i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga. Lærebøker, digitale verktøy og liknande skal ikkje vere styrande for undervisninga, men vere verktøy for å nå måla i læreplanen. 

 

SFO 

Skolen har eit kommunalt skolefritidstilbod som opnar kvar dag kl 07.00 og stenger kl 17.00. 

 

Kontakt

Besøk: Markastien 15

E-post: emblembs@alesund.kommune.no

Telefon

Adressa til denne nettsida: alesund.kommune.no/emblem-skule