Tryggleiksalarm

Ein tryggleiksalarm er ein alarm for å tilkalle hjelp i akutte situasjonar når som helst på døgnet.

Gjennomgang av praksis

Ålesund kommune går no gjennom praksisen for eigenbetaling for tryggleiksalarm. Vi går også gjennom alle vedtak, i tillegg til interne rutinar og tenesteskildringar. Medan dette arbeidet pågår, er betaling for alle eksisterande vedtak stansa.

I dag har om lag 1 200–1 300 innbyggjarar i Ålesund tryggleiksalarm. Gjennomgangen omfattar derfor mange saker, og det vil ta noko tid før alle vedtaka er vurderte. Vi håpar på forståing for dette. Kommunen legg vekt på at saksbehandlinga skal vere forsvarleg, og at vurderingane skal vere korrekte og likeverdige.

Oppdatert 18. august 2026

Kva tilbyr vi?

Tryggleiksalarm er ein digital alarm som ikkje er avhengig av at du har telefon. Tryggleiksalarmen er tilknytta ein vaktsentral, som formidlar kontakt til heimesjukepleia eller annan avtalt kontaktperson. 

Om det skulle skje noko med tryggleiksalarmen, så ta kontakt med Teknisk hjelpemiddelservice i Ålesund kommune.

  • Besøksadresse: Blindheimsbreivika 10, 6010 Ålesund.
  • Telefontid kl. 09.00 - 15.00: 70 16 48 60.

Rekkevidde

Alarmen verkar berre i heimen og rett utanfor huset.

Kven kan få tilbodet?

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu åleine. 

Tryggleiksalarm blir tildelt ut frå ei fagleg vurdering av brukaren sitt behov, blant anna:

  • Har du ein sjukdom eller tilstand som medfører akutt behov for hjelp?
  • Er det fare for at du kan falle og skade deg?
  • Har du problem knytt til utryggleik eller angst?

Tilbakelevering

Om du ikkje treng tryggleiksalarmen lenger, så skal den leverast tilbake til Teknisk hjelpemiddelservice.

Søknad

Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester

Klage på vedtak eller teneste

Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.

Prisar

Sjå pris for tryggleiksalarm og sporingsteknologi (GPS).

Ansvarleg for tenesta