Forløpskoordinator rus og psykisk helse

Unge og vaksne med utfordringar knytt til rus/og eller psykisk helse og som er i ein overgangsfase, kan få hjelp av ein forløpskoordinator.

Kven kan tenesta forløpskoordinator psykisk helse og rus vere aktuell for?

  • Unge og vaksne med utfordringar knytt til rus/og eller psykisk helse, og som er i ein overgangsfase. Overgangen kan til dømes vere mellom ein bustad til ein annan, eller frå barn til vaksenliv.
  • Unge og vaksne med utfordringar knytt til rus /og eller psykisk helse, og som avsluttar si behandling i spesialisthelsetenesta, og har behov for helse- og omsorgstenester.
  • Unge og vaksne med utfordringar knytt til rus og/eller psykisk helse, og som har eit uavklart tenestebilde i forhold til helse- og omsorgstenester.
  • Unge og vaksne som er i pakkeforløp for utgreiing/oppfølging psykisk helse og rus.

Forløpskoordinator psykisk helse og rus frå koordinering og tildeling er inne i ein tidsavgrensa periode, og er ikkje ei varig teneste. Dersom ungdommen eller den vaksne allereie har koordinator i kommuna, følgjer denne opp.

Kva gjer ein forløpskoordinator i psykisk helse og rus?

Typiske arbeidsoppgåver for forløpskoordinator rus og psykisk helse kan vere:

  • Kartlegge behov og ønskjer, og bistand med å definere målsettingar som gjeld endringar i livssituasjon.
  • Rettleiingssamtalar
  • Kontakt med pårørande
  • Bistå i søkeprosess og i å etablere aktuelle tenester
  • Bistå med informasjonsflyt mellom ulike tenester, samt jobbe for samhandling mellom tenestene, personen som har koordinator og pårørande
  • Ta initiativ til koordineringsmøte
  • Bistå til unge og vaksne som er i pakkeforløp for utgreiing/ oppfølging psykisk helse og rus.

Kontakt 

Forløpskoordinator i 40 % stilling 

Søknad

Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester

Vil du vite meir? 

 

Ansvarleg for tenesta