Omsorgsstønad er eit fast beløp ein får utbetalt kvar månad. Omsorgsstønaden gir ei godtgjersle for nokre av timane du brukar i heimen på pleie- og omsorgsarbeid.
Krav til søkjar
- Den pleietrengande må bu heime.
- Omsorgsarbeidet må vere vurdert som særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver.
- Dersom du ikkje allereie har fått innvilga hjelpestønad frå NAV, må du søkja om dette samtidig.
Tildelingskontoret vil vurdere om dette er det beste tiltaket, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.
Det er berre oppgåver som er rekna som nødvendige helse- og omsorgstenester som inngår i vår vurdering av om du kan få omsorgsstønad. Det vil seie at om du ikkje hadde gjort oppgåva, så ville kommuna ha gitt tenesta. Mange gir omsorg til sine næraste, utan at dette nødvendigvis blir definert som “særleg tyngande”.
Når vi skal vurdere om omsorgsarbeidet er særleg tyngande, legg vi blant anna vekt på:
- kor mange timar du gir omsorg
- om arbeidet du gjer er meir fysisk eller psykisk belastande enn det som er vanleg
- om du gir mykje omsorg om natta og dermed får dårleg nattesøvn
- korleis omsorgsarbeidet ditt er fordelt over tid
- kor lenge omsorgsarbeidet har vart, eller er venta å vare
- om du på grunn av omsorgsarbeidet blir sosialt isolert, om du ikkje kan ta ferie eller delta på fritidsaktivitetar
- om du har omsorg for meir enn éin person
- om du har omsorgsplikt for den du gir omsorg til, altså om det er ditt mindreårige barn
- om du tapar inntekt som følgje av omsorga du gir
Slik søkjer du
Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester
Klage på vedtak eller teneste
Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.
Omsorgsgivar sine rettar og plikter
Den som får tildelt omsorgsstønad, får i ein tidsavgrensa periode stønad etter lågaste lønnstrinn for heimehjelp, for eit avgrensa antal timar per månad. Det blir ikkje gitt omsorgsstønad for perioden søknaden blei levert, og til den er ferdig behandla.
Omsorgsgivar som har alders- eller uførepensjon, kan ikkje bli tildelt større omsorgsstønad enn den inntekta som folketrygda til ei kvar tid fastset at pensjonistar og uføre kan få, utan trekk i pensjonen.
Omsorgsstønad skal innmeldast som ordinær skattepliktig inntekt.
Følgjande forhold gjeld for avtalen mellom omsorgsgivar (den som mottek omsorgslønn) og Ålesund kommune:
- Omsorgsgivarar kan ikkje betraktast som vanleg kommunal arbeidstakarar, og har difor ikkje krav på feriepengar. Det blir gitt godtgjersle i maksimalt 12 månadar av gongen.
- Omsorgsgivarar har ikkje rett til sjukepengar. Ved sjukdom blir vedkommande vist til NAV og reglane i folketrygda, som gir rett til sjukepengar frå folketrygda frå og med den 17. sjukedagen. Dersom omsorgsgivar blir sjuk, må heimetenesta/verksemd for barn og unge få beskjed om dette.
- Omsorgsgivar plikter å gi melding til heimetenesta/verksemd for barn og unge dersom dei forholda som er lagt til grunn for tildeling av omsorgsstønad fell bort, før utløpet av avtalt tildelingsperiode.
- Omsorgsgivar plikter å halde heimetenesta/verksemd for barn og unge informert om eventuelle periodevise opphøyr av omsorgsarbeidet, f.eks. ved innlegging på sjukeheim/sjukehus. I slike tidsrom blir omsorgstønaden midlertidig stoppa.
Omsorgsgivarar som har fått tildelt omsorgsstønad utover seks månader, vil få utbetalt omsorgsstønad den 12. i kvar månad.
Omsorgsgivar kan på nokre vilkår ha rett til tre pensjonspoeng etter lov om folketrygd. Dersom det blir kravd pensjonspoeng for omsorgsarbeid, må kravet fremjast direkte til NAV. Slikt krav kan berre settast fram etter at omsorgsarbeidet har blitt utøvd i meir enn seks månader i det aktuelle året. Nærare opplysningar om dette kan ein få ved å kontakte NAV.