Pårørandeskule

Pårørandeskule er eit kurstilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær ven med demenssjukdom.

Demens utviklar seg over lang tid og fører ofte til store kjenslemessige og praktiske utfordringar for heile familien.

Gjennom undervisning og møte med fagpersonar med kompetanse på området, får du kunnskap om demens og informasjon om kommunen sine tenester. Du kan også møte andre pårørande og utveksle erfaringar.

Sjå brosjyre for pårørandeskolen (PDF, 505 kB)

Innhald i kurset

  • Kva er demens? Symptom, utgreiing, forløp og behandling.
  • Erfaringar frå pårørande.
  • Tenester og tilbod til familiar som er råka av demens.
  • Velferdsteknologi.
  • Kommunikasjon og samhandling.
  • Atferdsforstyrringar og psykiske symptom ved demens.
  • Sorg ved demens.
  • Juridiske forhold ved demenssjukdom.
  • Samtykkekompetanse.

Mål for pårørandeskulen

  • Auke kunnskap og forståing om demenssjukdommane.
  • Å betre kvaliteten på samveret, både heime og i institusjon.

Pårørandeskule hausten 2025

Pårørandeskulen er gratis og går over 6 kveldar på hausten. Kurset vert arrangert i samarbeid med Ålesund demensforening med stønad frå Helsedirektoratet.

  • Stad: Klipra seniorsenter. Fjellgata 42 6003 Ålesund
  • Oppstart: 15. september
  • Tid: Klokka 18.00 til 20.30
  • Påmelding: Ring Innbyggartorget på tlf. 70 16 20 00 
  • Informasjon: Ta kontakt med Hukommelsesteamet i Ålesund kommune på tlf. 90 10 95 45
  • Avlasting: For dei som ikkje kan la personen med demens vere heime åleine, vert det arrangert kafé med sosialt samvær samstundes med pårørandeskulen. Gje beskjed ved påmelding.
  • Hukommelsesteamet: Vibeke Jannicke Nygård, Annette Haugen, Anne-Marthe Aarseth

Ansvarleg for tenesta