Lindrande omsorg og behandling - palliasjonLindrande omsorg og behandling vert og kalla palliasjon. Det handlar om symptomlindring, pleie og omsorg for best mogleg livskvalitet, når ein veit ein ikkje kan bli frisk. Hovudfokuset er kva som er viktig for deg og ditt behov her og no, uavhengig av diagnose, prognose og alder.Vi ønskjer å levere tenester av god kvalitet til den som har behov for lindrande behandling og omsorg. Uavhengig av diagnose, i alle fasar av sjukdommen, også mot slutten av livet.Lindrande enhetÅlesund kommune har fokus på, og kan tilby god lindrande omsorg og behandling fleire stadar. Kommuna har også Blindheim omsorgssenter med åtte spesialiserte plassar for lindrande behandling og omsorg. Plassane kan nyttast til eit midlertidig "løft-tilbod" i ei periode for den med alvorleg sjukdom, eller være ein trygg stad for den som er i den siste fasen av livet. Her er kvalifisert helsepersonell med god kompetanse og lang erfaring med lindrande omsorg og palliasjon.Hjelp til deg som vil døy heimeÅlesund kommune har også god heimesjukepleie og heimetenester. Dei legg til rette for at du skal kunne leve best mogleg i eigen heim, så lenge som mogleg. Dei kan og legge til rette for at du kan døy heime, om det er det du og dine pårørande ønskjer.KreftkoordinatorÅlesund kommune har tilsett kreftkoordinatorar, som er utdanna kreftsjukepleiar. Kreftkoordinatortenesta er eit lågterskeltilbod som betyr at du som pasient, eller dine næraste kan ta direkte kontakt for samtale, råd og veiledning. Hen kan og bidra med lindrande omsorg ved behov, uavhengig av diagnose.Vil du vite meir?KreftkoordinatorBlindheim omsorgssenterHjelp i heimen Ansvarleg for tenesta Koordinering og tildeling Sist endra 30.05.2024 14.19