Kven kan forløpskoordinator kreft være til hjelp for?
-
Alle med kreftdiagnose inkludert i “Pakkeforløp heim for pasientar med kreft”.
-
Brukar med kreftdiagnose som har behov for oppfølging og koordinering i kommuna
-
Brukar med kreftdiagnose som har behov for psykososial samtale med ein kreftsjukepleiar/kreftkoordinator, og/eller oppfølging i forhold til rehabilitering og seinskade
-
Brukar med kreftdiagnose som er i ein overgangsfase der dei endelege tenestene ikkje er avklart og /eller der personen mest truleg vil ha behov for tenester seinare.
Forløpskoordinator kreft er inne som tenesteytar i ein tidsavgrensa periode. Om brukar med kreftdiagnose får teneste frå kommuna eller koordinator, følgjer denne opp.
Kva gjer ein forløpskoordinator kreft?
Typiske arbeidsoppgåver for forløpskoordinator kreft kan være:
- Ta imot «henvisning» og «forespørsel» frå fastlege og kommune- og spesialisthelsetenesta der brukar med kreftdiagnose har behov for oppfølging og koordinering i kommuna
- Ta imot alle tilvisingar og sørge for oppfølging av “Pakkeforløp heim for pasientar med kreft”
- Kartlegging av behov gjennom heimebesøk, møter og telefonsamtalar med brukar/pårørande og aktuelle tenester
- Ha oversikt over og kunne kople på aktuelle tenester/samarbeidspartnarar til dømes kreftsjukepleiar/kreftkoordinator
- Vere kontaktperson for brukar/pårørande og aktuelle tenester/samarbeidspartnarar
- Initiere/kalle inn til og delta på møter i samarbeid og samråd med brukar/pårørande og samarbeidspartnarar
- Bistand i samansette og omfattande saker
- Bistand med informasjonsflyt mellom ulike tenester, og jobbe for samhandling mellom tenestene, brukar og pårørande.
Korleis kome i kontakt med forløpskoordinator kreft?
Slik kan du melde behov for forløpskoordinator
Den som har behov for forløpskoordinator kreft, eller du som pårørande/hjelpeapparat kan ta kontakt.
Marianne Sneis
Kommune- og spesialisthelsetenesta og fastlegar kan og sende henvising og forespørsel via e-melding til saksbehandlarteneste.
Det er ikkje nødvendig å søkja, men du kan ta kontakt ved å fylle ut søknadsskjemaet vårt og sende det i posten.
Meld inn behov for forløpskoordinator kreft (PDF, 368 kB)
Kommunale ressursar