Når reknar vi barn som pårørande?
Barn er pårørande når ein av foreldra eller ein annan omsorgsperson blir sjuk, skadd, har ei funksjonsnedsetting eller eit rusproblem. Barn er også pårørande når eit søsken er sjukt, eller når ein omsorgsperson døyr. Omgrepet føresette omfattar alle som har eit omsorgsansvar for barnet. Det kan vere biologiske foreldre, adoptivforeldre, steforeldre eller andre. Barn er også pårørande når ein nærståande sit i fengsel.
Kjelde: www.pårørendeprogrammet
Sjukdom, skade eller dødsfall i familien påverkar heile familien, også barn og unge. Det er viktig å ta vare på barn som er pårørande. Dei har behov for informasjon og oppfølging for å skape tryggleik og ro.
Hjelp til barn som er pårørande
Har du barn som pårørande, eller jobbar du med barn som er pårørande? Treng du informasjon, rettleiing eller nokon å snakke med?
- Pårørandekoordinator kan gi råd, rettleiing og støtte, eller hjelpe deg å finne fram til aktuelle tilbod eller tenester
- Kreftkoordinator kan rettleie familiar der foreldre eller søsken har ein kreftsjukdom
- Helsesjukepleiar på helsestasjon eller i skulehelsetenesten (oversikt?)
Aktuelle gruppetilbod til barn og unge pårørande:
- BAPP-grupper
- Treffpunkt:
Møtestad for barn og unge mellom 6-16 år som opplevar alvorleg sjukdom i familien, eller som har mista ein nærståande. For meir informasjon kontakt kreftkoordinator eller sjå nettsida til Treffpunkt Ålesund som er arrangert av Kreftforeningen. - Sorgstøttegruppe ved Ålesund sjukehus:
For barn og unge som har mista ein nærståande. Kontaktperson er sjukehusprest Odd Arne Skogen, tlf. 41 14 61 33
I kommuna har vi ei gruppe med barneansvarlege frå ulike verksemder, som har eit spesielt fokus på barn og unge som er pårørande. Pårørandekoordinator Merete Kløvning er leiar/koordinator for gruppa og formidlar kontakt.