Fysioterapi ved kommunal institusjon

Fysioterapeutane si kjernekompetanse er kropp, bevegelse og funksjon. I dette ligg òg kunnskap om korleis kroppslege reaksjonar og sjukdommar kan henge saman med opplevingar og livssituasjon.

Dersom du oppheld deg ved ein kommunal institusjon og har behov for fysioterapi etter akutt skade eller funksjonsfall, kan du få det der du er. 

Fysioterapi ved Kollen rehabilitering

Kollen rehabilitering er ei kommunal rehabiliteringsavdeling, der fysioterapi er ein del av eit heilskapleg tilbod. Dei fleste brukarane vil få tilbod om behandling/trening med fysioterapeut tilnærma dagleg under opphaldet.

Sjå meir under Rehabilitering.

Fysioterapi ved sjukeheimane

Fysioterapeutane er på dei ulike sjukeheimane etter behov. Tilsynslege, ansvarleg sjukepleiar og/eller primærkontakt vurderar brukarane sine behov for fysioterapi og sender tilvising til fysioterapitenesta.

Tenesta avgjer korleis fysioterapiressursane til ei kvar tid skal fordelast ut frå prioriteringsnøkkelen som gjeld alle brukarar av ergo- og fysioterapitenesta.

For brukarane som får tilbod om fysioterapi ved sjukeheimane, vil oppfølgings- frekvensen variere gjennom forløpet. Vi legg vekt på kvardagsmeistring og prioriterer brukarar med korttidsplass, der målsettinga er å kome heim. For bebuarar med tildelt langtidsplass, vil tilbodet om fysioterapi i hovudsak vere aktuelt i saker der personalet ser at det er naudsynt med fysioterapikompetanse for mobilisering og/eller rettleiing ved nye problemstillingar eller skade (til dømes brot eller hjerneslag).

Aktivitet som til dømes å gå i avdelinga og eigenaktivitet i stell, påkledning og flytte/bevege seg med meir, er ein del av den daglege omsorga. Fysioterapeuten kan hjelpe med rettleiing av personalet i spesielt vanskelege problemstillingar. 

Ansvarleg for tenesta