Kollen rehabilitering

Målet med eit treningsopphald på Kollen rehabilitering er at du får auka livskvalitet ved å meistre kvardagen betre.

Kollen rehabilitering er ei kommunedekkande spesialavdeling for rehabilitering. Avdelinga har 11 sengeplassar. Avdelinga blir drifta av eit tverrfagleg team og er lokalisert på Spjelkavik omsorgssenter.

Det er kommuna sitt tildelingskontor som avgjer søknadar om rehabilitering.

Kva er rehabilitering?

Ordet rehabilitering betyr å vinne tilbake tapt funksjon.

Habilitering og rehabilitering er avgrensa i tid. Rehabiliteringa skal ha klare mål og verkemiddel der fleire yrkesgrupper samarbeid om å gi naudsynt hjelp. Dette gjer at brukaren ved eigen innsats betrar funksjons- og mestringsevna, sjølvstenda og deltakinga i samfunnet» (Forskrift om rehabilitering og habilitering kapittel 2, § 3).

Eit rehabiliteringsopphald skal i utgangspunktet avgrensast i tid og resultatet skal evaluerast. Målet på Kollen rehabilitering er at ein etter treningsopphaldet har fått auka livskvalitet, og at kvar enkelt på eiga hand meistrar kvardagen betre.

Kva skjer under eit opphald?

Eit opphald på Kollen kan vare frå to veker til fleire månader, alt etter kor omfattande rehabiliteringsbehovet er. Ved innkomst til avdelinga blir det gjennomført ein tverrfagleg kartleggingssamtale saman med brukar og eventuelt pårørande, hvor ein avdekkjer brukaren sine ressursar og utfordringar. Samtalen bunnar ut i brukaren sine mål for opphaldet. Desse blir premissgivande for heile opphaldet, og blir det brukar og det tverrfaglege teamet samarbeid om å nå.

Eigeninnsats er viktig

Det er forventa at brukaren er motivert til å yte eigeninnsats for å nå måla. Framgangen blir evaluert kvar veke, og rehabiliteringsopphaldet blir tilpassa deretter.

Undervegs i opphaldet blir det vurdert om eit tverrfagleg heimebesøk er aktuelt.  Det kan vere ein treng å tilretteleggje bustaden med nødvendige hjelpemiddel, slik at brukaren kan fortsette å bu i eigen heim. Det er viktig å sikre at overgangen frå Kollen til eigen heim blir best mogleg. For brukarar som har hatt ei vesentlig endring i funksjonsnivå blir det gjennomført samarbeidsmøte med brukar/pårørande, tildelingskontor og eventuelt heimeteneste. Det kan være aktuelt å gjennomføre prøveopphald i heimen i samarbeid med heimetenesta før heimreise. 

Tverrfagleg team

Det tverrfaglege teamet på Kollen består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, fysioterapeutar, ergoterapeut og lege. Nokre av desse har tverrfagleg vidareutdanning i rehabilitering. 

Avdelinga disponerar treningssal og treningskjøkken, og er nært knytt opp mot blant anna aktivitetar som går føre seg på seniorsenteret.

Målgruppe

Målgruppa er brukarar som har samansette behov, som er så omfattande at det er nødvendig med tverrfagleg rehabilitering i institusjon med heildøgnsopphald. Tilbodet er for brukarar over 18 år, busett i Ålesund kommune.

Vilkår

Du kan søkja deg til Kollen rehabilitering om du har behov for tverrfagleg rehabilitering.  Du treng ikkje ei spesifikk diagnose, du kan til dømes ha hatt eit beinbrot, ein operasjon, eit slag, ein nevrologisk sjukdom eller at du gradvis har blitt dårlegare på grunn av lite/manglande aktivitet. 

Vi ønskjer å vektlegge at treninga skal vere meir enn trening med fysio- og ergoterapeut. Trening skjer heile døgnet - som til dømes under matsituasjon, rundt stell eller gjennom gangtrening. Den sosiale delen er òg viktig.

Målet er det i utgangspunktet du sjølv som set opp, og vi skal hjelpa deg med å nå dette.

Når det er behov for det, samarbeid vi med andre tenester.

Vurdering av søknaden blir gjort på bakgrunn av:

  • Søkjar må vere motivert for eigeninnsats
  • Søkjar må ha forståing for eigen situasjon
  • Søkjar må kunne samarbeide og ta instruksar i ein treningsituasjon
  • Søkjar må vere i stand til å gjere seg nytte av eit rehabiliteringsopphald
  • Søkjar skal delta i aktiv i trening når opphaldet i rehabiliteringsavdelinga startar
  • Søkjar skal vere tverrfagleg vurdert
  • Søkjar skal vere medisinsk utreda, og ha ein medisinsk stabil helsetilstand

Søk om opphald på rehabilitering

Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester

Prisar

Sjå gjeldande betalingsregulativ for opphald i institusjonar.

Klage

Du kan klage på vedtak om rehabilitering, bruk kommuna sitt standardskjema for klage på kommunale omsorgstenester.

Lov 

Sjå Føresegn for habilitering og rehabilitering.

 

Ansvarleg for tenesta

Spjelkavik omsorgssenter

Spjelkavik omsorgssenter