Ergoterapi for vaksne

Har du vanskar med å utføre dine daglege gjeremål fordi du er sjuk, skadd eller av andre årsakar, kan du få bistand frå ein ergoterapeut.

Ergoterapeutar bidrar til å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og kravet til kvardagen. Ein ergoterapeut gir deg moglegheit til å leve eit så aktivt liv som mogleg.

Ergoterapi for vaksne og eldre

Ergoterapeuten hjelpar deg med tilpassing av heimen din, hjelpemiddel og opplæring. Målet med ergoterapi er at du skal bli mest mogleg sjølvstendig i kvardagen, anten den nedsette funksjonsevna di er mellombels eller varig.

Dette kan ein ergoterapeut gjere:

  • Tek utgangspunkt i kva som er viktig for deg i kvardagen og korleis du ønskjer å delta i samfunnet. 
  • Kartlegg dine ressursar og utfordringar i aktivitetar, gjennom bruk av samtale, observasjon og funksjonsvurdering, gjerne i samarbeid med fysioterapeut.
  • Støttar opp under målretta trening i aktivitetar som du ønskjer å meistre. Foreslår forenkling og tilpassing av aktivitetar. 
  • Kartlegg og vurderar behov for tekniske hjelpemiddel, slik at du skal kunne meistre dine daglege aktivitetar. Gir opplæring i bruken av desse.
  • Gir råd og rettleiing til brukarar, pårørande og andre samarbeidspartnarar. Dette kan omhandle fallførebygging, energiøkonomisering, tilrettelegging av aktivitet, tekniske hjelpemidlar og omgjevnadar, trykkavlasting og sittestilling. 
  • Gir råd og rettleiing om korleis bustad og andre arena kan bli tilpassa og gjort funksjonell for deg.
  • Samarbeider med andre instansar og samordnar tenestetilbodet ut frå ditt behov. 
  • Vurdering av velferdsteknologiske løysningar.
  • Møter deg i heimen din og andre stadar du oppheld deg.

Tips til deg med nedsatt funksjonsevne:

Kven kan få tilbodet?

Tenesta er aktuell for personar over 18 år som på grunn av skade, sjukdom eller andre grunnar har vanskar med å utføre daglege aktivitetar. Utfordringar med å meistre kvardagen kan skuldast fysiske, psykiske og kognitive vanskar. 

Merk at det kan vere ventetid for ergoterapitenester.

Korleis få tenesta?

Søk via HelsaMi

eller

Søk om tilvisning til fysio- og ergoterapi

  • Skjemaet skal fyllast ut av deg sjølv, pårørande eller helsepersonell. Ergoterapeutane er organisert i verksemda førebygging og meistring.
  • Tilvisingar som kjem inn til tenesta blir vurdert og prioritert ut frå alvorsgrad og hastegrad etter den same prioriteringsnøkkelen i heile kommuna.

Prioriteringsnøkkel for ergo – og fysioterapitenesta i Ålesund kommune:

Pris

Tilbodet er gratis. Det kan vere eigenandel på enkelte tilretteleggingar, som trappeheis og døråpnar.

Kontakt

Vakttelefon for fysio- og ergoterapi: 90 97 25 46.  Måndag – fredag kl 10.00 – 13.00

Ansvarleg for tenesta