Avlasting skal gi føresette omsorgsavlasting og bidra til at barnet eller ungdommen får gode opplevingar og eit tilrettelagt tilbod.
Kva tilbyr vi?
Vi tilbyr:
- timeavlasting
- avlasting med overnatting
- barnebustad
Avlastingsbustaden og barnebustaden har døgnbemanna.
Barnet eller ungdommen får omsorg, støtte og tilrettelagde aktivitetar i eit trygt miljø. Målet er å gi ein aktiv og meiningsfull kvardag tilpassa den enkelte.
Tilbodet blir planlagt i samarbeid med familien og ved behov med skule, SFO og andre involverte tenester.
Kven kan få tilbodet?
Tilbodet er for barn og unge med funksjonsnedsetting som har behov for avlasting.
Korleis få tilbodet?
Du kan søkje om avlasting som helse- og omsorgsteneste.
Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester
Klage på vedtak eller teneste
Dersom du er misnøgd med vedtaket eller tenesta du har fått, kan du klage.
Slik klagar du på helse- og omsorgstenester.