Bli støttekontakt

Som støttekontakt får du eit meiningsfylt oppdrag, der du skal være med å bidra til at eit anna menneske får ei meiningsfull fritid og eit meir sosialt liv.

Kva gjer ein støttekontakt?

Som støttekontakt gir du eit anna menneske positive opplevingar. Nokre treng støttekontakt anten fordi dei ikkje kjem seg ut på eigenhand, eller fordi dei treng bistand til å delta på fritidsaktivitetar. 

Som støttekontakt jobbar du ca. 3-4 timar i veka. Du er då på oppdrag for kommuna. Du er ikkje fast ansatt.

Du får godtgjersle frå kommuna for oppdraget.

Kven kan bli støttekontakt?  

  • Det er ikkje krav om noko spesifikk fagkompetanse for å bli støttekontakt. 
  • Du må vere over 18 år. Du kan få oppdrag dersom du er under 18 år, då i samråd med brukar/føresette/verje.  
  • Du bør vera glad i å vere saman med menneske, ha evne til å finne på aktivitetar, samt vere ein motivator for andre.
  • Du bør kunne binde deg over ein lengre periode (minimum 1 år), for å skape stabilitet for brukaren. 

Slik søkjar du om å bli støttekontakt  

Vil du bli støttekontakt? Då kan du sende inn ein søknad, der du fortel litt om deg sjølv.

Søk om om bli støttekontakt for barn

Søk (digitalt) om å bli støttekontakt for vaksne

Dersom du ikkje kan bruke det digitale skjemaet, kan du også papirskjema for å søke om å bli støttekontakt for vaksne. (PDF, 332 kB)

Kva skjer vidare?  

Du blir kontakta av aktuell avdeling/verksemd for avtale om intervju/samtale, informasjon og rettleiing. Dersom det for tida ikkje er ledige oppdrag som støttekontakt, blir du registrert og kontakta når vi har eit oppdrag som passar for deg.

Kontakt

For å bli støttekontakt for vaksne:

For å bli støttekontakt for barn:

Sjå også

Søk om å få støttekontakt

Ansvarleg for tenesta