Den som ikkje klarar å nyttegjere seg det vanlege grunnskuletilbodet for vaksne, har rett til spesialundervisning. Sjå Utdanningsdirektoratet sine sider om spesialundervisning for vaksne.
Vaksne som har behov for opplæring for å kunne utvikle eller halde ved like grunnleggjande ferdigheiter, kan også ha rett til spesialundervisning.
Skulen gir tilbod til vaksne med:
- medfødt eller erverva funksjonsnedsetting
- språk- og talevanskar, afasi
- synshemming
- høyrselshemming
- spesifikke lærevanskar
Før skulen gir tilbod om spesialundervisning, skal PPT utarbeide ei sakkunnig vurdering.