Miljørettet helsevern i barnehagar og skolar - godkjenning og tilsyn av verksemdVerksemder som har tilsyn med - og omsorg for barn, må tilfredsstille krava til miljøfaktorar som kan ha innverknad på barn si helse. Barna si arbeidsmiljølov I rettleiarane til forskrifta, Miljø og helse i barnehagen og Miljø og helse i skolen, finn du også det som blir rekna som «god praksis» i barnehagar og skolar, og som derfor legg lista for kva du kan forvente av verksemdene. Forskrifta skal bidra til at miljøet i barnehagar og skolar fremmar helse, trivsel og gode sosiale og miljømessige forhold, og førebygger sjukdom og skade. Forskrifta gjeld ved planlegging, tilrettelegging og drift av: Barnehagar og andre verksemder som mot godtgjering gir tilsyn med og omsorg for barn under skolepliktig alder når: verksemda er regelmessig, og tilbyr opphald i meir ein ti timar i veka, og talet på barn som er der samtidig er tre eller fleire. Grunnskolar Vidaregåande skolar Kommunen sitt ansvar Kommunen har ansvaret for: Godkjenning Tilsyn Rettleiing Godkjenning Verksemder som blir regulert av forskrifta skal vere godkjent. Forskrifta stiller krav både for etablering av barnehagar/skolar og for sjølve drifta av verksemdene. Vi har derfor ein todelt godkjenningsprosess: Plangodkjenning Planar for nye barnehagar/skolar og større endringar av eksisterande verksemder, skal førehandsgodkjennast av kommunen. Søk om plangodkjenning av lokale og uteområde Driftsgodkjenning Når barnehagen/skolen har oppstartsdato klar, skal miljøretta helsevern kontaktast (per telefon eller e-post), slik at det kan avtalast dato for tilsyn. Ved tilsynet vurderer ein drift og internkontrollsystem for verksemda opp mot krava i forskrifta. I tillegg skal verksemda fylle ut ein søknad om driftsgodkjenning. Når eventuelle avvik funne ved tilsynet og i søknaden er retta, kan verksemda få endeleg godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern i barnehagar og skolar mv. Barnehage og skole: Søk om driftsgodkjenning for barnehage og skole Søk fornya driftsgodkjenning for barnehage eller skole Dagmamma: Søk om driftsgodkjenning som dagmamma (PDF, 145 kB) Dagmamma - sjekkliste for inneområde (PDF, 15 kB) Dagmamma - sjekkliste for uteområde (PDF, 16 kB) Tilsyn Kommunen har ansvar for å føre tilsyn med barnehagar og skolar. Rådgivar planlegg og gjennomfører tilsyna, eventuelt i samarbeid med kommuneoverlegen. Ved tilsyn blir det vurdert om verksemda er etablert, blir driven og vidareutvikla i samsvar med forskriftskrava. Verksemdene si varslingsplikt Når det skjer alvorlege hendingar, ulykker og nestenulykker ved skolar og barnehagar, skal leiinga ved verksemda melde dette til kommunen. Kommunale verksemder melder gjennom internt varslingssystem. Eksempel på typar hendingar/forhold som skal meldast: Skadar på barn/elevar som krev omfattande legebehandling (alvorlege brotskadar, hjerneristing eller liknande). Hendingar som kunne vore potensielt livstrugande (barn som går gjennom isen, barn som handterer farleg verktøy/utstyr tenkt for vaksne). Hendingar der barn har forsvunne frå barnehagen/skolen eller frå barnegruppa på tur. Vedvarande utfordringar med inneklima (ventilasjonsanlegg og/eller oppvarmingsanlegg som ikkje fungerer over tid, mistanke om fuktskadar som gir helseplager). Skadedyr og tiltak mot skadedyr der det blir brukt kjemiske middel. Oppussingsarbeid som gir støy, lukt, støv eller utfordringar med sikkerheita. Eksterne forhold som skolen/barnehagen ikkje er ansvarleg for sjølv (støy, støv osv.). Alvorlege og vedvarande utfordringar i det psykososiale miljøet. Ansvarsområder KommuneoverlegenMiljøretta helsevern Lover og retningsliner Miljø og helse i barnehagen - veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler Miljø og helse i skolen - veileder til forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler Meir informasjonTilsyn av barnehagarGodkjenning av barnehage, krav etter barnehagelova. Ansvarleg for tenesta Strategi og styring Sist endra 29.05.2024 10.41