Råd blir gitt til helsetenestane i kommuna, men også til andre tenesteområde med innverknad på folkehelsa (eksempelvis vassforsyning, renovasjon, skular og barnehagar). Kommuneoverlegen gir òg råd direkte til befolkninga og til kommunepolitikarane.
- Kommuneoverlegane skal gjennom rådgivinga si bidra til at befolkninga får nødvendige helsetenester og at tenestene er forsvarlege.
- Kommuneoverlegen har eit lovfesta ansvar for å overvake smittsame sjukdommar i kommuna og arbeide for å avgrense utbreiing av desse.
- Kommuneoverlegen kan fatte vedtak om tvungen legeundersøking når det blir mistenkt at nokon på grunn av alvorleg psykisk sjukdom unndrar seg nødvendig helsehjelp.
- Kommuneoverlegen tar vare på kommunas hastekompetanse innan smittevern, miljøretta helsevern og helsemessig beredskap.
Kommuneoverlegane i Ålesund arbeider med saker innanfor områda:
- Smittevern
- Beredskap
- Samhandling
- Rus/psykiatri
- Kontakt med Havnevesenet/Skipstrafikk
- Miljøretta helsevern
Kontaktinformasjon
Spørsmål og sakar til kommuneoverlegen skal sendast til postmottak@alesund.kommune.no .