Miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern omfattar dei faktorane i miljøet som til ei kvar tid direkte eller indirekte kan ha innverknad på helsa. Desse omfattar blant anna biologiske, kjemiske og sosiale miljøfaktorar.

Kommuna skal føre tilsyn med desse faktorane, og ha oversikt over befolkninga sin helsetilstand.

Miljøretta helsevern er fagleg sjølvstendig med ansvar for informasjon, rådgiving, utgreiing, godkjenning og tilsyn. Tenestane er retta mot publikum, bedrifter og offentlege verksemder, og er basert på lover, forskrifter, standardar, retningsliner m.m.

Miljøretta helsevern gir råd omkring miljømessige forhold som kan påverke helsa. Arbeidet blir gjort gjennom medverknad til planarbeid, publikumskontakt og gjennom tilsyn.

Sjå oversikt over ulike typar verksemder som kommunen fører tilsyn med her.

Kommuna handsamar også klage i medhald av folkehelselova. Dersom klagen kjem inn under folkehelselova sitt regelverk, vert det anbefalt at klagar først går i dialog med den eller dei som er årsak i klagen. 

Mange klager kan løysast mellom partane, utan å involvere tilsynsmynde. Har klager vore i dialog med den som er påklaga, utan at det har lukkast å bli einig, skal kommuna handsame klagen. Det er då eit ønske om at klagen blir formulert skriftleg. Om dette ikkje er gjort, eller klager ikkje evnar å formulere klagen skriftleg, må kommuna gi naudsynt bistand. 

Klage skal sendast Ålesund kommune v/ postmottak@alesund.kommune.no, og bør i tillegg til klagers namn og adresse innehalde kortfatta informasjon om følgjande:

  • Kva for forhold blir det klaga på? (eks. støy, støv, risiko for ulykke m.m.)
  • Kva for helsekonsekvensar opplev klager at saka fører til?
  • Kva kontakt har det vore mellom klageren og den påklaga, og kva er årsaka til at det ikkje er funne ei løysing i saka?
  • Kva for tiltak meiner klager må til for å redusere helsekonsekvensar?

Lovverk

Ansvarleg for tenesta