Forløpskoordinator barn og familie
Barn og unge som er i eit pasientforløp innan psykisk helse, kan få hjelp til å koordinere mellom spesialisthelsetenesta og dei kommunale tenestene.
Kven kan ha nytte av ein forløpskoordinator barn og familie?
- Barn og unge som er i pakkeforløp for utgreiing eller behandling av psykiske lidingar, der det er behov for oppfølging eller etablering av tiltak ute i kommunen.
- Barn og unge i overgangsfasar der det er behov for å sikre ivaretaking av barnet eller ungdommen, som for eksempel å etablere nytt samarbeid på ny arena, og/ eller sikre at riktige tenester og tilbod vert etablerte. Slike overgangar kan vere for eksempel frå sjukehus til heim og frå barnehage til skule.
Forløpskoordinator barn og familie frå koordinering og tildeling er inne i ein tidsavgrensa periode, og er ikkje ei varig teneste. Dersom barnet eller ungdommen allereie har koordinator i kommuna, følger denne opp også i sakene nemnt over.
Kva gjer ein forløpskoordinator barn og familie?
Typiske arbeidsoppgåver for forløpskoordinator barn og familie kan være:
- Kartlegging av behov gjennom møter og telefonsamtalar med brukar, foreldre og aktuelle tenester.
- Samtalar/ rettleiing av føresette og samarbeidspartnarar, hjelp til å orientere seg i systemet.
- Ha oversikt over og kunne kople på aktuelle tenester/ samarbeidspartnarar.
- Være kontaktperson for føresette og aktuelle tenester/ samarbeidspartnarar.
- Delta på møter vedkomande aktuell barn/ ungdom.
- Opprette samarbeidsforum ved behov.
- Initiere/ kalle inn til og leie møter i samarbeid og samråd med bruker og føresett.
Søknad
Slik søkjer du om helse- og omsorgstenester
Kommunale ressursar
Sist endra 24.01.2025 09.30