Nokre utvalde kunstnarar har fått i oppdrag å teste ut byromma med midlertidige tiltak. På denne måten skal vi sjå om vi kan få nye idear til kva eit byrom kan vere, prøve nye areal og ulike måtar å gjere byromma attraktive på.
Sidan det er sommar og folk ønsker å vere utandørs blir det i juli fokus på uteområda Harald Torsviks plass og St. Olavs plass og i første omgang blir kunsten noko ein mellom anna kan bruke til å sitte på. Samtidig skal aksen gjennom alle byromma testast for å koble desse betre saman visuelt og funksjonelt.
Her kan du sjå reguleringsplanen for St. Olavs plass (PDF, 4 MB)
Kunst også i Korsatunellen
I august skal ein kunstner gå i gang med å sjå på moglegheiter for å gjere Korsatunellen meir spennande og attraktiv.
I dette forprosjektet skal vi teste ut kva byromma kan vere og inneha i ei tverrfagleg gruppe av kompetansebakgrunn. I samband med dette ønsker vi i sommar å teste ut det politisk vedtatte reguleringsformålet «torg med køyring» på St. Olavs plass, like utanfor Sparebank1. Vi ser allereie at det er mange menneske i bygatene og at det både er trangt på fortaua og også manglande oppholdsareal i nærheita. Utprøvinga av torget vil bidra til viktig kunnskap om behov og synleggjering av inngangen til Korsatunellen. Den vil også gi betre oppholdsareal til folket i eit område med yrande liv, og betre kommunikasjonen over til både Kongens gate (gågata) og Sankten parkering.
Så følg med, kunstnarane lagar tiltaka på staden ute i byromma!
Les meir om prosjektet med utvikling av byromma her