På Sanitetshjemmet dagsenter, som er ein del av verksemda førebygging og meistring, har vi eit tilbod som skal leggje til rette for ein god dag, framme helse og sosialt samvær for heimebuande personar med demens.
Kvar tysdag og fredag er ein sprek gjeng frå dagsenteret ute og opplever kva Ålesund har å by på, fortel miljøarbeidar Marit Madsen frå Sanitetshjemmet dagsenter. Ho pleier å være med gjengen på tur.
Besøkte Verkstad da Vinci
Fredag 10. januar besøkte dei Verkstad da Vinci i Torghallen, der dei fekk møte to kunstnarar og lære nokre kreative teknikkar. Hilde Rosenberg Bamarni arbeidar med bildekunst og Eldrid Schrøder Kvalvik med dramateknikkar, og dei to hadde tilpassa eit opplegg for dette besøket.
Verkstad da Vinci er i utgangspunktet eit program for elevar og lærarar på 5.trinn, men det er ikkje berre for barn og unge det er viktig å trene den kreative muskelen. Kunst kan bidra til at menneske kan ha kreative og utviklande liv – uavhengig av alder og kognitiv status, seier koordinator for Verkstad da Vinci, Mariann Bjørkavoll Lervåg.
Denne fredagen inneheldt bevegelse til musikk, silketrykk og forteljingar frå oppvekst i Ålesund og andre stader. Det blei også vist filmsnutt frå 5.klassingane sin verkstad; Akademiet for superkrefter. Humor, arbeidslyst og glede var i fokus denne fredagen.