Støtte til unge gründerar

Formannskapet ga reisebidrag til klassen frå Hessa skole som skal delta på verdsfinalen i First Lego League. 

Ein skuleklasse og ordføraren som held ein sjekk - Klikk for stort bileteOrdførar Håkon Lykkebø Strand ga klassen frå Hessa 25 000 kroner i reisebidrag frå Formannskapet sin reservepost

Den største største teknologi- og kunnskapskonkurransen i verda for barn, First Lego League, blir arrangert årleg. I regionen vår er det mange 7. klassar som deltek, og i haust var det klasse 7C ved Hessa skule som fekk den gjevaste Champion-prisen. Dei gjekk dermed vidare til den skandinaviske finalen - og vann denne også! Dermed er dei  kvalifiserte til verdsfinalen, som skal arrangerast i Houston i april! 

Dei 22 elevane frå Hessa, som kallar seg Cr8tive Crew, fikk æra av å innleie på det første formannskapsmøtet i år. Dei fortalte om korleis dei har jobba med First Lego League, der dei  to hovudoppgåvene er å bygge og programmere ein legorobot som kan løyse gitte oppgåver og den andre er å løyse ei innovasjonsoppgåve. Formannskapet fekk sjå prototypen på appen FindR, som dei har laga i programmet Figma. Dei fekk også ein demonstrasjon av roboten elevane har laga og programmert.  

Les meir om prosjektet i artikkelen Suksess i First Lego League.

Til verdsfinale i Houston

Slik eg har forstått det treng de litt pengar for å komme de til USA, så derfor får de 25 000 kroner frå Formannskapet sin reservepost, sa ordførar Håkon Lykkebø Strand etter presentasjonen, og ga elevane ein stor sjekk.  - Lykke til med deltagelsen i USA. Vi heier utrolig mye på dere. Bring seieren hjem til Hessa og Ålesund!