Cre8tiveCrew frå Hessa skole blei skandinaviske mestere i First Lego League 2023-24First Lego League er verdas største kunnskaps- og teknologikonkurranse for born i alderen 9 – 16 år. Etter innleiande regionale konkurransar, gjekk om lag 50 lag vidare til skandinavisk finale, som blei arrangert i Mo i Rana i helga. To 7. klassar frå Ålesund hadde kvalifisert seg til å delta der.
Konkurransen er delt i fleire kategoriar, der dei to hovudoppgåvene er å bygge og programmere ein legorobot som kan løyse gitte oppgåver og den andre er å løyse ei innovasjonsoppgåve. På sjølve konkurransedagen er det ein robotkonkurranse. I tillegg skal laga også promotere prosjektet sitt med ein stand, og dei må presentere prosjektet for dommarar.
Til topps
Vinnaran av årets førsteplass, Champions, blei Cr8tive Crew frå Hessa skole! Dei blei nominert i alle priskategoriane - for kjerneverdiar, teknologi og prosjekt, og vart totalt sett sterkast i alle kategoriar.
- Laget viser på ein entusiastisk måte vise kor morsomt, tilgjengeleg og verdifullt teknoligi og vitenskap er, het det i juryen sin grunngjeving.
Prosjektprisen ble vunnet av Masterminds fra Tennfjord skule, og der kom Hessa skole på tredjeplass. Heile tre pokalar blei det på laga fra Ålesund.
MasterMinds fra Tennfjord skule vann prosjektprisen.Laga har også kvalifisert seg til vidare konkurransar. Desse går føre seg på stadar som Bodø, Texas, Australia og Brasil, men enno veit dei ikkje kvar dei blir invitert og kor dei skal.
Utvikler ein app
Temaet for årets innovasjonsoppgåve er «Masterpiece». Der forskar laga på korleis dei kan bruke teknologi til å forbetre formidlinga av kunst og kultur for å engasjere andre, og oppmuntre fleire til å delta i det dei liker å gjere.
MasterMinds valde å sjå på om det er muleg å bruke VR-briller til å «gå inn i» eit måleri og oppleve det tredimensjonalt. Cr8tive Crew kom fram til at dei ville lage ein app som hjelper deg med å finne fritidsaktivitetar som passar til deg, basert på informasjon du legg inn om deg sjølv.
Til den regionale finalen hadde Hessa-elevane teikna ein presentasjon av korleis appen kunne vere. På dei tre vekene fram til den skandinaviske finalen utvikla dei ein prototype av appen i programmet Figma.
- No må dei vidareutvikle ideen fram mot den internasjonale finalen i 2024. Vi er difor på jakt etter nokon som kan hjelpe oss vidare på vegen, seier læraren Kristine Rogne.
Ny og lærerik måte å jobbe på
Dette er tredje gongen Hessa skole hevdar seg i First Lego League. For to år sidan var ein klasse blant dei 20 som kvalifiserte seg til den internasjonale innovasjonsfinalen. Og for fire år sidan var det ein klasse som deltok i den skandinaviske finalen. Begge gongene med Kristine Rogne som lærer.
Kristine Rogne har eit heilt eige undervisningsopplegg for 7.-klassingar.
- Eg bruker kompetansemåla i læringsplanen og bruker oppgåvene i First Lego League som utgangspunkt. Så vi droppar lærebøkene i alle faga, utanom matte. Elevane har fått jobba i grupper, forska og jobba mykje sjølvstendig med prosjektet.
Læraren har gjort ein stor innsats for klassemiljøet. Det er lagt ned ein stor innsats, både innanfor og utanfor skuletida. Elevane har fått jobba med prosjektet på ettermiddagar, kveldar og i haustferien. Dei har også overnatta på skulen.
- Me får til det meste med godt samspel mellom skuleleiinga og foreldra, seier Kristine Rogne. - Engasjera alle, det er oppskrifta.
- Eg er så stolt av elevane. Laget har vist ein fantastisk stå-på-vilje og dei gjorde ein strålande innsats både i den regionale finalen og no i den skandinaviske finalen. Domarane såg at alle var inkluderte, at alle har bidrege til å oppnå resultatet. At dei vann er heilt fortent!