
Når det no blir lagt vassleidning, ordnar ein også masseutskifting i vegen, ny asfalt og oppgraderer gatelysa
Arbeidet er så vidt sett i gang nær Alvik-krysset. Etter kvart vil ein arbeide seg innover langs Brusdalsvegen og innover mot det nye vassbehandlingsanlegget. Det er venta at arbeidet vi vare utover mot slutten av 2026.
I denne perioden vil det påverke trafikken. Det vil bli smalare veg på enkelte, kortare etappar akkurat der arbeidet pågår, og det vil bli tatt i bruk ulike verktøy som trafikklys, nedsett fart, skilting og midlertidige fortau for gåande, for å sikre trafikkavvikling både for bilistar og mjuke trafikantar.
Naboinformasjon
Det var nabomøte torsdag 10. april med informasjon frå entreprenør, byggeleiar og prosjektleiar.
Presentasjonen frå prosjektleiinga under nabomøtet finn du her. (PDF, 576 kB)
I tillegg til nabomøte vert heimesida til prosjektet jamleg oppdatert og det kan vere lurt å følge med og sjå etter informasjon der.
Arbeidstid
Arbeidstid er som generell arbeidstid for anleggsarbeid, mellom klokka 7 og 21. Støyande arbeid må avslutte tidlegare på kvelden. Klokka 17 for Rødsetvegen og Brusdalsvegen frå krysset Fremmerholvegen/Brusdalsvegen og vestover. Klokka 19 for resten av Brusdalsvegen.
I tillegg kan det unntaksvis bli nattarbeid i samband med avgraving av veg eller anna arbeid som av trafikkmessige omsyn må gjerast om natta.
Sprenging
Det kan bli sprenging i samband med dette arbeidet.
Då vert det gjort synfaring av uavhengig tredjepart på eigedomar som ligg nær og teke i bruk rystelselsmålarar for å følge med på om ein er innan grenseverdiane.
Alle salver blir varsla med lydsignal og det blir sett ut vakter. Husk å snakke med barn og unge om kva som skjer og at det er viktig å halde seg på trygg avstand.
Du kan bli varsla på sms om sprenging. Dersom du vil ha varsel, må du melde i frå via e-post til teme@novaform.no eller på telefon 95 73 78 46
Pass på under arbeidet
Det er kartlagt “Barnetråkk” og ein veit at det er mange barn og unge i tillegg til andre gåande og syklande i området det skal arbeidast i. Har du barn eller ungdomar heime, så minn dei på at det er viktig å følge skilting, ikkje ta snarvegar gjennom anleggsområde og at det er vanskeleg for sjåførar på store bilar og anleggsmaskinar å sjå mjuke trafikantar.
Presentasjonen frå entreprenør under nabomøtet finn du her. (PDF, 3 MB)
Har du spørsmål?
Er det noko du lurer på, så kan du ta kontakt med byggeleiar Jonny Skogvoll på e-post josk@novaform, eventuelt på telefon 99 33 53 41
Fremmerholen vassbehandlingsanlegg
Det nye vassbehandlingsanlegget sikrar reint drikkevatn til nesten 70.000 innbyggarar i Ålesund, Sula og Giske og er forventa å vere i drift hausten 2026.
Om Fremmerholen VBA
