Ny oppstart av detaljregulering for Brosundtunnelen

Planarbeidet for heile Brosundtunnelen under Ålesund bysentrum vart opphaveleg varsla i mars 2019. Planarbeidet skal no takast opp igjen, men no berre for tunnelinnslaget i aust. 

Planavgrensing ved ny planoppstart. Endringar kan skje

Formålet med pågåande planarbeid er å sikre nødvendig areal som skal nyttast til kryssløysing, tunnelinnslag, lokalgater og løysingar for mjuke trafikantar.

Planavgrensinga for planområdet som no blir varsla er for det austlege tunnelinnslaget, på Ysteneset. I tillegg er det tatt med eit areal vestover langs E136 (Ålesundsvegen) for å sikre gang- og sykkelveg forbi meieritomta. Det kan bli mindre justeringar av planavgrensinga i den vidare planprosessen ved behov. Ålesund kommune er forslagsstillar og Norconsult AS hjelper som ansvarleg plankonsulent.

Bakgrunn for planarbeidet

Planarbeidet for Brosundtunnelen er ei politisk bestilling med forankring i Ålesund bystyre si budsjettbehandling for 2017, der det mellom anna vart sett av midlar til planlegging og regulering av Brosundtunnelen.

Formålet med pågåande planarbeid 

Brosundtunnelen inngjekk tidlegare i første fase av Bypakke Ålesund, men vart gjennom den politiske behandlinga av denne forskyve til fase to. Finansieringa av Brosundtunnelen er førebels ikkje avklart, og det er uvisst når realiseringa av prosjektet vil skje. På bakgrunn av dette, og fordi kommunen dei siste åra har fått fleire førespurnader om vidareutvikling av eigedommane rundt Ysteneset, vurderer vi det som formålstenleg å dele planarbeidet for Brosundtunnelen inn i fleire fasar og delområde. På denne måten sikrar vi framdrift, samtidig som vi raskare kan få på plass viktige avklaringar om mellom anna arealbehov og trafikkløysing. 

Trafikkløysing 

Som ein del av det innleiande arbeidet med planarbeidet for tunnelinnslaget på Ysteneset har vi sett nærare på to ulike konsept for kryssløysing frå Ålesundsvegen (E136). Desse er eit lysregulert T-kryss og rundkøyring, og rundkøyringa førebels ser ut til å vere det beste alternativet. Når det gjeld internvegnettet, vil Sundgata måtte hevast over tunnelinnslaget, og det vil ikkje lenger vere mogleg å nytte dagens kryss ved bensinstasjonen for å komme seg frå Ålesundsvegen til Sundgata/Ystenesgata. Dagens kryss (mogleg framtidig rundkøyring) vil vere reservert for tilkomsten til og frå Brosundtunnelen. 

Ønsker du å lese meir om planarbeidet? Då kan du lese meir her: Brosundtunnelen i Ålesund